Arkiv

Poster tagget med ‘torvikbukt’

Batnfjorden dominerte Hjorten Cup

28 desember 2009 Comments off

Det vart reine finalar mellom Batnfjordslag i årets Hjorten Cup, både i herre – og kvinneklassen. Etter starten til cupen i 1995, har det stadig kome til fleire lag, og dei siste åra har det vore med lag frå heile kommunen.

I kvinneklassen stilte Torvika, Ranheim, Baksida og Solsida med lag. I innleiande runde vart Ranheim og Torvika slått ut, og det vart klart for finale mellom Solsida og Baksida.  Her stod det 0-0 etter ordinær tid. I ekstraomgangen scora Kari Høgset, og avgjorde finalen, som fram til i år, har vore vunne av Torvika sitt damelag heile seks år på rad.

I den første semifinalen i herreklassen møttest Skeidsalen og Baksida/Åndal, her vart resultatet 1-3. Det vart ein meir knepen seier i den andre semifinalen, der Solsida/Rød slo Aspåsen 1-0. Baksida/Åndal – Solsida/Rød møttes i finalen, men i motsetning til kvinneklassen, var det andre sida av  «fjorden» som vann. Etter ein jamn finale vann Solsida/Rød 2-1 over Baksida/Åndal.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Arrangement, Bilder