Arkiv

Poster tagget med ‘storlygarkveld’

God stemning på Storlygarkvelden

6 februar 2012 Comments off

Den årlege Storlygarkvelden i regi av Batnfjord Idrettslag, har vorte ein tradisjon, som mange ikkje vil gå glipp av.  Før dørene opna, var det kø frå inngangsdøra og heilt ute på skuleplassen. Enkelte kunne fortelje at dei til tross for 4 minusgrader, hadde stått klar sidan kl. var 18.00.Då dørene åpna kl. 18.30, vart lokalet raskt fylt opp, da det var mange som vil sikre seg gode plassar.

Fullt hus!


Verprat og personleg hygiene

Jan Karstein Schjølberg hadde som vanleg jobben med å knytte det heile sammen, og han hadde som vanleg kommentarar og vitsar på lur, som skapte fliring og humring i salen. Olav Kåre Torjul frå Eresfjorden har vore med på fleire av Storlygarkveldane, i fjor var han der kun som publikum, medan i år var han tilbake på scena. Han slo an tonen med å fortelje om fuktig ver og romsdalingar, og fordelar og ulemper knytta til dette, før han snakka om reinsligheit. Mange fekk seg nok ny og overraskande informasjon, om blant anna innhaldet i eit kyss.

Odd Arne Halaas og Olav Kåre Torjul


Gjemnes kommune og TV2

Odd Arne Halaas frå Eide kom på scena, og det var duka for eit fellesnummer. Her vart det ein lengre pause, då dei to gamle karane som venta på postdama, hadde store vanskar med å halde seg alvorlege.  Her fekk også Gjemnes kommune eit konkrete tips, for å kome seg frå Robeklista.  Løysinga i følgje Halaas og Torjul, var å kjøpe TV2, for så å leggje alle programa til Gjemnes.  Her var det kjente programtitlar, som «Utan grenser», «Berserk», «Skal i danse» og «Tre stjernes middag». Programleiarne og deltakarane skulle sjølvsagt være lokale, noko som vil føre til ein travel kvardag for enkelte, dersom planane skulle gjennomførast, da det stort sett var dei same som skulle delta i dei ulike programma.


Oddgeir Bruaset og 40-års krise

40-års krise

Kvelden fortsatte i same stil, med mange sleivspark til ulike retningar, både til averøyingar, romsdalingar, batnfjordningar og til Gjemnes kommune.  Her kom også sjølvaste Oddgeir Bruaset, i skikkelse av Raymond Talberg, som ville lage program frå Batnfjorden, i serien «Der ingen skulle tru….».  Med stemme og innleving svært lik Bruaset sjølv, var det nesten som ein såg for seg programmet, sjøl 0m det nok hadde ein noko anna innhald enn programma vi er vane med på NRK.

Mange kjente seg nok igjen, når Anita Nyhagen fortalte om den «harde oppveksten» på 70-talet, der ho mimra både om ungdomsfestar, vannsenger og  asbest.  Vi fekk også ein tur til Lian i Trondheim, i følgje med Byrge Aspaas. Etter dette nummeret, er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at det både kan vere hardt og utfordrande å bu på Lian, både med tanke på transportmiddel og ekteskap.


Tausa Birgitte

Til ønskereprisen, hadde Torjul fått hjelp av ei lokal dame, som vart kalla Tausa Birgitte. Birgitte representerte arrangøren Batnfjord Idrettslag, men det var fleire som først ikkje kjente igjen frøkena. I alle fall fekk Torjul god hjelp til å vise fra museumsgjenstandar, som var lånt frå Romdalsmuseet. Her fekk vi både sjå og demonstert ulike gjenstandar, som fekk avdekt ukjente bruksområde og opphav til ulike ord og uttrykk, som å » ta seg ein pinne» og «Mas-karra».

Tausa Birgitte

Etter underhaldninga var det klart for dans, og det er vel ingen tvil om at arrangørane nok ein gong har lykkast med Storlygaren. Etter stemninga å dømme, blir ikkje køa kortare neste år.


Alle foto: Robert Veiset

Categories: Artikkel, Bilder

Mykje artig på Storlygarkvelden

6 februar 2011 Comments off

Den berømte «batnfjordshalvtimen» er avvikla. I allefall gjeld dette ei helg i året, og det er under Storlygaren. Arrangementet har vorte tradisjon for mange, og mange utflytta batnfjordingar tar turen heim for å få med seg ein god latter eller tre på Samfunnshuset. Arrangørane kunne melde om at folk stilte seg opp i kø utanfor, allerede 15 min før dørene opna kl. 18.30. Kl. 19.00 var det vanskeleg å oppdrive ledige stolar, og då var det enda ein time igjen til underhaldninga starta.

God stemning framme ved scena

Underhaldninga i år, var det Odd Arne Halaas, Kjell Arne Skjørsæther og fem spreke menn frå Lånkerevyen som stod for. Harald Morten Bremseth, Pål Tyholdt, Roger Nordgård, Christer Nilsen og Thomas Woldseth, får Lånkerevyen har vunne NM i revy på Høyøandet, og det hadde det vore prisutdeling i går kveld, hadde det nok vanka fleire prisar.

Jan Karstein  Schjølberg var konfransier. I tillegg vart han mesterlig parodiert av Kjell Arne Skjørsæther frå Nesset. Her hadde det tydeleg vore grundig studering av dialekt og fakter.

Schjølberg 1

Schjølberg 2

Første nummer ute var idrettsbanen, etterfulgt av blant anna Dracula sin sønn, NAV-ansatt, parodi, Busstoppen, fuglene og fleire gode historier av Odd Arne Halaas. Latteren satt i alle fall laust i salen, og det var god stemning.

Categories: Artikkel, Bilder

Fem år med Storlygar

7 februar 2010 Comments off

For femte år inviterte Batnfjord idrettslag til Storlygarkveld på Samfunnshuset. Sjeldan er gjemnesingane så tidleg ute på noko anna arrangement. Dei 350 billettane vart i år utselde i lang tid i forvegen. Underhaldninga starta kl. 20.00, og dørene opna kl. 18.30. Før klokka vann å passere 19.00, var alle borda fulle.

Stinn brakke under Storlygarkveld 2010

Underhaldninga vart levert av Olav K. Torjuul frå Eresfjord, Lars og Arne Landsem frå Rindalen, trønderen Harald Martin Bremseth og Jan Åge Tønnesen frå Frei. Programmet vart leia av konferansier Jan Karstein Schjølberg, som ga publikum fleire sjølvopplevde historier.

Torjuul har deltatt på alle fem storlygarkveldande, og han fekk æra av å starte showet. Latteren satt laust i salen, og det vart ikkje dårlegare stemning med visene frå Rindalen. Nummeret Visarbækrin var ein stor suksess, om den forsmådde bækren som ikkje slepp til hos søyene.

”Vikaren” ved Harald Martin Bremseth opna latterdørene i salen. Både Torjuul og Jan Åge Tønnesen hadde med seg litt aktuelle lokalsaker, og vi fekk presentert fleire kreative forslag innanfor tunnelbygging og plassering av sjukehus.

Etter at dei innleidde aktørane var ferdig, var det tid for eit innslag som mange hadde venta på: Storlygarnytt. Eit lokalt  innslag, som rettar eit skråblikk på det som skjer i bygda. Som vanleg var det mange som sleivspark , både hit og dit, også til nyheitsopplesarane sjølve. Mange av dei som var omtala, satt sjølve i salen, og batnfjord.no sin utsendte kunne sjå at dei som var omtala, ikkje nødvendigvis var dei som flira minst.

Get the Flash Player to see the wordTube Media Player.

Storlygarkvelden fyller i år fem år, og det er ein hardtarbeidande komité, som har stått bak arrangementet alle desse åra. Dei tar av seg alt arbeidet før og under arrangementet, frå booking, bestilling av varer, skaffe vakter og dugnadsfolk. Eit hektisk arbeid kvar vinter, men no altså ei fem år gamal suksesshistorie. Dei som står bak ideen og arrangemenet: Bjørn Eikemo, Elin Eikemo, Ole Martin Ask, Karen Stokke, John Eikenæs og Alvin Harstad.

Arrangementskomiteen

Alle foto: Robert Veiset

Categories: Artikkel, Bilder, Video