Quizbok forfattet av Martin Ohren


Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.
Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.
Fredag 7. februar vart det arrangert Quiz-finale på Hjorten Batnfjord. Elleve lag hadde kvalifisert seg til finalen, gjennom deltaking av quizkveldar på Hjorten i 2013. Ti av laga var heimehøyrande i Gjemnes, medan eit lag tok turen frå Fagerengbogen på Averøya.
I dei første tre rundane var det tilsaman 24 spørsmål, der laga måtte skrive ned svara sine, og levere inn til retting. Etter denne runden måtte dei fem laga med minst poeng, forlate konkurransen. Det var få poeng som skilte, og det vart ekstra rundra med tre av laga, som alle hadde ti poeng. Team Blakstad vann denne runden suverent, og fekk med seg Fagerengbogen til mellomrunden, der det var seks lag som deltok. Øverland og Søvik kraftlag rauk ut.
Dei seks laga som då skulle kjempe om tittelen var Team Blakstad, Midt på treet, Ægara, Fagerengbog velforening, Labbi og Batnfjord Ungdomslag (BUL). Her vart det stilt tilsaman 12 spørsmål og dei tre beste laga kvalifiserte seg til superfinale. Etter hard kniving vart det delt fjerdeplass mellom Team Blakstad, Labbi og BUL, som måtte sjå resten av finalen frå tribuneplass. Så skulle dei heile avgjerdast. I siste runde vart det ein ny vri, der spørsmåla vart presentert med tre alternativ og kort tid til å svare. Dei tre laga fekk utdelt lappar med A, B og C, og her gjaldt det å tenke raskt og halde tunga beint i munnen. Etter ti spørsmål stod oppgjeret mellom Fagerenbogen Velforening og Midt på treet. Midt på treet var store favorittar på førehand, då dei kom med heile seks seirar frå tidlegare quizkveldar i baggasjen. Fagerengbogen hang godt med, og tok det avgjerande poenget i spørsmålet om moderklubben til Roar Strand (red: rett svar er Nardo), og tok dermed heim pokalen til Averø, med minst mogeleg margin.
Resultatlista:
1.plass | Fagerengbogen velforening | |
2.plass | Midt på treet | |
3.plass | Ægara | |
4.plass | BUL, Team Blakstad, Labbi | (delt) |
7.plass | Øverland og Søvik Kraftlag | |
8.plass | Skinnbrokstranda, Team null pott | (delt) |
10.plass | Pepper | |
11.plass | Øre Bygdalag |
Det er ønske om å fortsette med quizkveldane kvar månad. Det har vore bra oppmøte og god stemning det siste året, og det var vorte ein fast møteplass for mange. Kunne du tenke deg å vere med og lage spørsmål og delta som poengteljar på quizkveldane, ta kontakt med Hjorten. Fleire kan dele på oppgåvene.Les også om finalen og sjå bilete av vinnarane i Tidens Krav
Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.
Fredag 1. mars var det klart for den første quizkvelden i regi av Hjorten Batnfjord. Mange ville delta, og det måtte lagast venteliste, for dei som ikkje fekk plass. Heile 14 lag var med, med tilsaman over 80 personar. Stemninga var god frå start til slutt. Vinnaren av den første quizen vart batnfjordslaget Labbi. Etter at seieren var i boks og premien utdelt, drog laget til med ein seierssang, til stor glede for dei andre gjestane på Hjorten.
Vinnarlaget med Bjørn Inge Naastad, Annicken Christoffersen, Arnt Olav Harstad, Gry Harstad, Kristine P. Naastad og Rolf Amundsen.
Quizen vart leia av «Quiz-Per», og trass i at det var ein alvorleg konkurranse, var det lagt inn mange kommentarar undervegs, som fekk dei fleste til å dra på smilebandet. Dei fleste av laga var frå Gjemnes, men det var også lag frå Averøy og Hjelset. Enkelte lag hadde henta inn krefter utanfrå, med tilreisande frå Bergen. Andreplassen gjekk til laget Skinnbrokstranda, frå Rød/Blakstad, og dei kjempa lenge mot nabolaget Team Blakstad, som til slutt kom på femteplass. Tredjeplassen gjekk til laget Sæterdrift frå Øygarden. Den «sure» fjerdeplasse var det Fagerengbogsstranda velforening frå Averøy tok. Men trass i lengst køyreveg, var det ingen sure miner og spore.
Neste quiz blir arrangert 5. april, og det er allreie mange lag som har meldt seg på. Konseptet ganske vanskelege spørsmål, fingermat og god drikke er tydelgevis eit konsept som får folk ut av godstolen på ein fredagskveld. Dan Børge har tydelegvis fått seg ein konkurrent.
Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.
Per Kvendseth har spørsmåla klare til 1.mars
1. mars er det mogeleg å få testa kunnskapane sine på quiz-kveld. Hjorten Batnfjord er arrangør. Dei har henta inn Gjemnes sitt svar på quiz-Dan, nemleg Per «Børge» Kvendseth, til å leie spørrerunden.
Dette blir den første quiz-kvelden i regi av Hjorten, og det er tenkt at det skal arrangerast den første fredagen i månaden framover. På grunn av påska, blir den andre quiz-kvelden allereie 22.mars.
Reglane er enkle:
* Du må stille lag for å kunne delta, og laget må ha eit navn.
*Det må vere 4-6 personar pr lag, 60,- kr pr lag
*Påmelding: ring eller stikk innom Hjorten
* Premie: gavekort frå Hjorten Batnfjord
*Salg av mat og drikke i baren
Det er ikkje nødvendig å stille dei samme laga for kvar kveld, men lag, foreningar og bygder (f. eks Speidaren, Bygdeungdomslaget,Harstad, Skeidsdalen mm) blir oppfordra til å stille lag. Det har allereie komme påmeldingar, og mange har vist interesse for arrangementet. For å sikre plass til sitt lag, kan det vere lurt å melde seg i god tid. Kva det blir stilt spørsmål om, er sjølvsagt strengt hemmeleg, men arrangørane lovar at det vil bli varierte kategoriar, og at spørsmåla er henta frå heile verda, også lokalt, så her kan det lønne seg å vere oppdatert både på fjernt og nært. Målgruppa er vaksne i alle aldrar, og til no er det både»unge» og «gamle» som har meldt seg på.
Per og Angela gledar seg til quiz-kveld, og håpar på fulle hus.
Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.