Det vart lokal seier i årets Drengatlon, under Dyregod-dagane 2010. Fjorårets vinnarlag med Nils Arild Sæther og Gunnar Myrvang kom til finalen, men måtte sjå seg slått av den nykomponerte laget Jens Inge Blakstad og Ola Vegard Sæter. På tredjeplass kom Thor Eivind Hyllnes og Martin Kvalvåg.
httpv://www.youtube.com/watch?v=UkpNsh9P9lw
14 drengar og fire rakartauser deltok. Dei mannlege deltakarane fekk god kamp, både av Stine Marie Indergård, og Bente Solenes, som stilte på kvart sitt blandalag. Best ut av tausene kom Carina Stokke og Rianne van den Brink, som stilt reint rakartauslag.
Det meste er klart til Dyregod-dagane. I dagane framover er det dugnad kvar kveld kl. 18.00. Batnfjord.no sjekka stemninga på dugnadsgjengen måndag 30.08, og fekk sjå både bygging av tribune og forberedelsar i eventyrskogen. Les meir/sjå programmet på nettsidene til Dyregod-dagane. Gaute Grøtta Grav kjem på fredagen, det same gjer tidlegare fylkesmann Ottar Befring, som skal stå for den offisielle opninga.
Bygging av tribune ved den nye barnescena
Som sagt melder arrangementskomiteen om at det blir dugnad kvar kveld. For den som kan stille, er det berre å møte opp kl. 18.o0 ved redskapshuset til Idrettslaget (det brune huset ved grusbanen)