Arkiv

Poster tagget med ‘batnfjordsøra’

Klart for dei tredje Dyregod-dagane

1 september 2011 Comments off

Fredag 2. september er det klart for den tredje utgåva av Dyregod-dagane.
Det har vore full aktivitet i forkant av arrangementet, og spesielt den siste veka har det vore lange kveldar for mange.

Her er ein liten stemningsrapport kvelden før:

Delar av messeområdet

Stor aktivitet i Batnfjord sentrum

Mange som hjelper til for å få ting på plass

Det nye sekreteriatet til SUS Gjemnes

Enkelte er klare for Dyregod og ventar berre på besøk

Categories: Arrangement, Informasjon

Dyregod-dagane har bruk for dugnadshjelp

17 august 2011 Comments off

Første helga i september (2.-4.sept), går Dyregod-dagane av stabelen.
Arrangementskomiteen treng framleis fleire personar til å stille på dugnad.
Noko til vakter, men mest på matsalg.

Interesserte kan ringe Ole Martin på telefon: 98 07 01 62

Dyregod-dagane blir arrangert for tredje gong, og det blir i år blant anna kurs, konferansar, aktivitetar, opplevingar, fesjå, salgsmesse, drengatlon og  eventyrskog.
Les meir om Dyregod-dagane  i Tidens Krav

Delar av messeområdet i Batnfjord sentrum 2010

Categories: Arrangement

17.mai på Batnfjordsøra

17 mai 2011 Comments off

Det vart ein regnfull 17.mai på Batnfjordsøra i år, men til tross for dette var det eit langt tog som gjekk tur/retur Astad, via Sjukeheimen. Etter toget vart veret lettare, og det var tid for leiker, konkurransar, film, tale og musikkinnslag.

Categories: Bilder

Småbåthavna tar form

2 april 2011 Comments off

Lørdag 2. april ble pontongene til Batnfjord Småbåthavn lagt ut og forankret. Pontongene har blitt monter på Astad og ble lørdag slept over fjorden til Nåstadøra. Istad jobbet også med å få fram strøm til småbåthavna. Se flere bilder nedenfor:

Pontongene blir montert

Categories: Bilder, Informasjon

Høg puls på treningssenteret

23 oktober 2010 Comments off

For fem år sidan spekulerte Merete Stub på om det var mogeleg å drive treningsstudio på Batnfjordsøra. Ho hadde veldig lyst til å starte opp, men var i tvil om det var marknad for denne typen tilbud i ein kommune som Gjemnes. Stub bestemte seg for å satse, og i sentrumsnære lokaler, opna Pulse Fitness dørene april 2006.

Merete Stub

No er vinteren i anmarsj og det er tydeleg at mange sett pris på å ha eit treningssenter. Dette merkar også Merete, som stadig har fått fleire kundar sidan opninga for snart fem år sidan.  » Pr i dag er det ca. 240 som trenar her hos meg. Eg var veldig spent i starten, men det har eigentleg berre gått i plus heile vegen. Her er alle aldersgrupper og kjønn representert, men det er nok mest kvinner som trenar på Puls.»

Batnfjord.no sin utsendte fekk gleda av å delta på spinningtime denne kvelden, med Marit Blakstad som instruktør. Og vi kan med ein gong avkrefte, at sjølv om namnet får oss til å tru noko anna, så er ikkje Marit batnfjording. » Eg har fått spørsmålet mange gonger sidan eg flytta hit», fortel Blakstad, som opprinneleg er frå Nes i Hedemark, og har turnusen sin som fysioterapeut på Batnfjordsøra. I tillegg til å behandle pasientar på dagtid, har ho sidan 1. september hatt spinningtimar to gonger for veka. » Det er bra oppmøte, og nesten fullt kvar gong», fortel Marit. » For å delta må du skrive deg på lista, og listene blir fort fulle».

Svett og fornøyd gjeng etter spinningtime

Så litt fakta:
Kven er det typiske batnfjordingen, som likar å tilbringe delar av fritida si på treningssenteret?
» Det er mest damer», seier Merete, og tar ein kikk på dataen for sjå på statestikken. Ho fortel at det er folk i alle aldrar som trenar på Puls, men at blant menn, så er det mest dei yngre som likar denne treningsforma. Gjennomsnittet for herrer er ca 30 år, medan for kvinner er den ca 40 år.

I fjor utvida Puls Fitness arealet sitt, og fekk da ei eiga avdeling for kondisjonsapparat, som sykkel, romaskin og tredemøller. I den andre delen er det apparat og vekter for styrketrening. Her finn vi ein gjeng med unge menn, som er ivrige brukarar av Puls Fitness.
«Eg brukar å trene her kvar dag», fortel Ismail. » Da går det i jogging på tredemølla og styrketrening».  Saman med kompisen Kadar, går det mykje i trening på fritida. » Eg er ikkje her kar dag, men ca tre gonger  for veka, for å trene styrke», fortel Kadar. Men begge er einige at det er kjekt å dra saman med andre, og at det er sosialt å trene på helsestudio.

Categories: Artikkel, Bilder

Strålande Dyregod-dagar

5 september 2010 Comments off

Tre dagar med strålande sol, og et yrande folke- og dyreliv på Batnfjordsøra. Arrangørane reknar at over 11000  har besøkt Dyregod denne helga.

Delar av messeområdet i Batnfjord sentrum

Fredag var det opplegg for 10.-klassar frå heile regionen, med Gaute Grøtta Grav som mentor. På laurdag var Drengatlon eit av høgdepunta (sjå eiga sak). Ellers var dagane fullsatt med program med alt frå fagseminar, hesteopptog, kalvemønstring, dyreutstilling, demonstrasjon av sauesanking, andeløp, barneforestilling og konsert med lokale musikkrefter.

Dugnadsånda er stor før og under Dyregod, og både små og store har delteke for å få dagane i havn.

Dyreliv: denne tilsynelatande uskyldige karen, laga arbeid for nattevaktene på Dyregod...

Categories: Arrangement, Artikkel, Bilder

Olsokaften

27 juli 2010 Comments off

29. juli 2010 kl. 17.30 arrangerer Batnfjord Bygdalag i sammarbeid med Batnfjor Ungdomslag Olsok feiring i fjøra på Batnfjordsøra.

Det vert solgt rømmegraut med spekemat, kake og kaffe, samt mulighet for å kjøpe seg ei brusflaske (det er Molfrid Hammerstrøm som kokar grauten). Det blir også mulighet til å ta med seg grillmat, for grillar vert oppsett og disponibel for alle. Vi har også bedt inn spellemenn som vil stå for musikken den trivelege kvelden. Sitteplassar blir det ordna med samt eit triveleg bål som er eit resultat av ein tidlegare dugnad.

ALLE er hjartelege velkommen til ein triveleg kveld nede ved strandlinja på Batnfjordsøra.

PS! Om dårlig vær, møt opp uansett! Vi har en nødløsning ;)

Categories: Arrangement

Klart for ny sandfest

21 juli 2010 Comments off

Laurdag 31.juli er det klart for Batnfjord Open, som i år blir arrangert for 11. gong. Turneringa starta for ti år sidan, og har vorte arrangert kvart år sidan dette.

Nytt av året er at det blir arrangert bygdakamp, der det beste sandvolleyballaget frå Gjemnes vil bli kåra. Alle lag som har minimum 50 % gjemnesingar på laget, er automatisk kvalifisert til bygdakampen. Dei to beste laga, frå den ordinære turneringa, er kvalifisert til eigen finale. Reglane for dette, blir delt ut på arrangementsdagen.

Turneringa vart starta opp for å lage litt liv og røre i fjorden på sommarstid. Frå første stund har det kome mange lag frå resten av Nordmøre og Romsdal for å delta.  Det er lagt opp til at alle som vil kan delta, uansett volleyballnivå.  Derfor er det mikslag og fire spelarar på banen samtidig.

For meir informasjon: Batnfjord Open og Batnfjord Open Facebook

Carina Stokke, Åge Ødegård, Tonje Sæter, Arnhild Harstad og Ingvild D. Sæter

Categories: Arrangement

Næringslivet i Gjemnes kommune

9 juni 2010 Comments off

Nettsida  Kommunen vår, gir ein presentasjon av næringslivet i Gjemnes kommune. Her finn du kontaktinformasjon, opningstider og presentasjon av dei tilsette, samt informasjon om kommunen. Gjemnes kommune er ein av seks nordmørskommunar som har ei slik side.

Formålet med sida er å opplyse om kva for tilbud som finnes i ulike kommunar: «Lokale butikker og bedrifter har ofte mer å tilby enn folk vet om. Disse sidene gir grundige presentasjoner av bedriftene, butikkene og kommunale arbeidsplasser og tilbud».

Coop Batnfjordsøra har vore ei medlemsbedrift sidan 1944, har post i butikk og avdeling for kortreist mat. Les meir om Coop her

Tilsette ved Coop Batnfjordsøra

Categories: Informasjon

17. mai i bilder II

19 mai 2010 Comments off
Categories: Bilder

17. mai i bilder

18 mai 2010 Comments off

Bilda er frå gudstjenste i Øre Kyrkje, toget på Batnfjordsøra og frå programmet i Batnfjord samfunnshus. Alle foto: Elin Stenkjær.

17.mai 2010

Categories: Bilder

17. mai på Batnfjordsøra

12 mai 2010 Comments off

Det nærmar seg 17.mai, og her er programmet for det som skjer på Batnfjordsøra. Det er som vanleg foreldra i 7. klasse v/Batnfjord skule som står for programmet:

Kl. 08.00: Flaggheising på Batnfjord Skule v/speiderne

Kl. 11:00: Festgudstjeneste i Øre kyrkje. Kransnedlegging på bautaen

Kl. 12.00: Folkefest i Batnfjord samfunnshus. Salg av middag, kaffe, kaker, is og brus

Chris Joakim Hoem på 17.mai i 2006 (Foto: Arnt Olav Harstad)

Kl.12.30: Barnetog fra Batnfjord skule

Kl.13.30: Leikene starter ute. Loddsalg

Kl.15.00: Folkefesten fortsetter inne. Tale, underholdning, sang og musikk.

Kl.17.00: Avslutning

Her er utskriftsvennlig program: 17.mai program

Categories: Arrangement

Nytt webkamera

11 februar 2010 Comments off

Vi har nå fått montert opp ett nytt webkamera på Haltbakkan med super utsikt ned til Batnfjordsøra sentrum. Kari og Åge Ødegård med familie er den lykkelige vertsfamilien.

Teknisk info: Axis 223M med HOV utendørhus. Bildet oppdateres hvert 5. minutt.

Categories: Diverse

Fem år med Storlygar

7 februar 2010 Comments off

For femte år inviterte Batnfjord idrettslag til Storlygarkveld på Samfunnshuset. Sjeldan er gjemnesingane så tidleg ute på noko anna arrangement. Dei 350 billettane vart i år utselde i lang tid i forvegen. Underhaldninga starta kl. 20.00, og dørene opna kl. 18.30. Før klokka vann å passere 19.00, var alle borda fulle.

Stinn brakke under Storlygarkveld 2010

Underhaldninga vart levert av Olav K. Torjuul frå Eresfjord, Lars og Arne Landsem frå Rindalen, trønderen Harald Martin Bremseth og Jan Åge Tønnesen frå Frei. Programmet vart leia av konferansier Jan Karstein Schjølberg, som ga publikum fleire sjølvopplevde historier.

Torjuul har deltatt på alle fem storlygarkveldande, og han fekk æra av å starte showet. Latteren satt laust i salen, og det vart ikkje dårlegare stemning med visene frå Rindalen. Nummeret Visarbækrin var ein stor suksess, om den forsmådde bækren som ikkje slepp til hos søyene.

”Vikaren” ved Harald Martin Bremseth opna latterdørene i salen. Både Torjuul og Jan Åge Tønnesen hadde med seg litt aktuelle lokalsaker, og vi fekk presentert fleire kreative forslag innanfor tunnelbygging og plassering av sjukehus.

Etter at dei innleidde aktørane var ferdig, var det tid for eit innslag som mange hadde venta på: Storlygarnytt. Eit lokalt  innslag, som rettar eit skråblikk på det som skjer i bygda. Som vanleg var det mange som sleivspark , både hit og dit, også til nyheitsopplesarane sjølve. Mange av dei som var omtala, satt sjølve i salen, og batnfjord.no sin utsendte kunne sjå at dei som var omtala, ikkje nødvendigvis var dei som flira minst.

[media id=4 width=580 height=346]
Storlygarkvelden fyller i år fem år, og det er ein hardtarbeidande komité, som har stått bak arrangementet alle desse åra. Dei tar av seg alt arbeidet før og under arrangementet, frå booking, bestilling av varer, skaffe vakter og dugnadsfolk. Eit hektisk arbeid kvar vinter, men no altså ei fem år gamal suksesshistorie. Dei som står bak ideen og arrangemenet: Bjørn Eikemo, Elin Eikemo, Ole Martin Ask, Karen Stokke, John Eikenæs og Alvin Harstad.

Arrangementskomiteen

Alle foto: Robert Veiset

Categories: Artikkel, Bilder, Video

Svømmeskole på Batnfjordsøra

30 januar 2010 Comments off

KSLK (Kristiansund svømme og livredningsklubb) inviterer til svømmeskole i Batnfjorden. For barn mellom 6 til 10 år. De ønsker å gi barna en utfordrende og gøy svømmeopplæring. Kursene starter opp så snart kursene er fulle, så meld dere på nå! Kursene går over 8-10 ganger, og kursdager er tirsdager.

For mer informasjon og påmelding gå inn på hjemmesiden til KSLK: http://www.kslk.no/

Categories: Informasjon