Arkiv

Poster tagget med ‘Batnfjord samfunnshus’

Stort engasjement på folkemøte om kommunereforma

31 mars 2016 Comments off

Om lag 200 møtte opp til folkemøte i samfunnshuset, for å få orientering om kommunereforma. Møtet starta med orientering frå Romsdal regionråd, ORKide og Gjemnes ungdomsråd. Etter dette var det tid for diskusjon og spørsmål frå salen. Det vart ein livleg debatt over dei tre alternativa:

Alternativ 1: stå som eigen kommune
Alternativ 2: søke samanslåing med kommunar på Nordmøre (Kristiansund, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Halsa og Aure)
Alternativ 3: søke samanslåing med kommunar i Romsdal (Aukra, Eide, Fræna, Gjemnes, Midsund, Molde, Nesset og Rauma)

Les meir om kommunereforma og intensjonsavtalane som Gjemnes kommune er med på her

Datoar det kan vere verdt å få med seg:

  • 4.-25.april: Spørreundersøking i regi av Opinion
  • 27.mai – 4.juni: Førehandsstemming
  • 6.juni: Rådgivande folkeavstemming
  • 28. juni: Saka blir behandla i kommunestyret
salen

200 møtte opp på folkemøte på Batnfjordsøra

Audne Loe

Audne Loe heldt innlegg på vegne av Gjemnes ungdomsråd

Categories: Artikkel, Bilder, Informasjon

Storlygarkveld 2016

7 februar 2016 Comments off

I over ti år har det vore arrangert Storlygarkveld på samfunnshuset på Batnfjordsøra, i regi av Batnfjord idrettslag. I år var det som vanleg lang kø utanfor døra, ein halv time før dørene opna. Tradisjonen tru var Jan Karstein Schjølberg konfransier, og det var gjensyn med fleire gamle kjenningar, som har stått på denne scena før.

IMG_1632

Odd Ivar Berg og Knut Olav Vang fortalte om alt som var bedre før.

Det opna trønderane Odd Ivar Berg og Knut Ola Vang, før meir lokale fjes dukka opp: Olav Kåre Torjuul, Anita Nyhagen og Anders Hagen.

 

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noe mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel, Bilder

Storlygarkveld 2013 – utsolgt

9 desember 2012 Comments off

Batnfjord Idrettslag er under planlegging av ny Storlygarkveld februar neste år. Datoen du bør sette av, er 2. februar 2013. Kven som står på plakaten av underhaldning er enno ikkje kjent, men arrangementskomiteen kan love at humoren blir trønderinspirert.

Billettane vart lagt ut for salg 14. desember, og er allereie utsolgt melder Batnfjord Idrettslag.

 

 

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noe mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Arrangement, Informasjon

God stemning på Storlygarkvelden

6 februar 2012 Comments off

Den årlege Storlygarkvelden i regi av Batnfjord Idrettslag, har vorte ein tradisjon, som mange ikkje vil gå glipp av.  Før dørene opna, var det kø frå inngangsdøra og heilt ute på skuleplassen. Enkelte kunne fortelje at dei til tross for 4 minusgrader, hadde stått klar sidan kl. var 18.00.Då dørene åpna kl. 18.30, vart lokalet raskt fylt opp, da det var mange som vil sikre seg gode plassar.

Fullt hus!


Verprat og personleg hygiene

Jan Karstein Schjølberg hadde som vanleg jobben med å knytte det heile sammen, og han hadde som vanleg kommentarar og vitsar på lur, som skapte fliring og humring i salen. Olav Kåre Torjul frå Eresfjorden har vore med på fleire av Storlygarkveldane, i fjor var han der kun som publikum, medan i år var han tilbake på scena. Han slo an tonen med å fortelje om fuktig ver og romsdalingar, og fordelar og ulemper knytta til dette, før han snakka om reinsligheit. Mange fekk seg nok ny og overraskande informasjon, om blant anna innhaldet i eit kyss.

Odd Arne Halaas og Olav Kåre Torjul


Gjemnes kommune og TV2

Odd Arne Halaas frå Eide kom på scena, og det var duka for eit fellesnummer. Her vart det ein lengre pause, då dei to gamle karane som venta på postdama, hadde store vanskar med å halde seg alvorlege.  Her fekk også Gjemnes kommune eit konkrete tips, for å kome seg frå Robeklista.  Løysinga i følgje Halaas og Torjul, var å kjøpe TV2, for så å leggje alle programa til Gjemnes.  Her var det kjente programtitlar, som «Utan grenser», «Berserk», «Skal i danse» og «Tre stjernes middag». Programleiarne og deltakarane skulle sjølvsagt være lokale, noko som vil føre til ein travel kvardag for enkelte, dersom planane skulle gjennomførast, da det stort sett var dei same som skulle delta i dei ulike programma.


Oddgeir Bruaset og 40-års krise

40-års krise

Kvelden fortsatte i same stil, med mange sleivspark til ulike retningar, både til averøyingar, romsdalingar, batnfjordningar og til Gjemnes kommune.  Her kom også sjølvaste Oddgeir Bruaset, i skikkelse av Raymond Talberg, som ville lage program frå Batnfjorden, i serien «Der ingen skulle tru….».  Med stemme og innleving svært lik Bruaset sjølv, var det nesten som ein såg for seg programmet, sjøl 0m det nok hadde ein noko anna innhald enn programma vi er vane med på NRK.

Mange kjente seg nok igjen, når Anita Nyhagen fortalte om den «harde oppveksten» på 70-talet, der ho mimra både om ungdomsfestar, vannsenger og  asbest.  Vi fekk også ein tur til Lian i Trondheim, i følgje med Byrge Aspaas. Etter dette nummeret, er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at det både kan vere hardt og utfordrande å bu på Lian, både med tanke på transportmiddel og ekteskap.


Tausa Birgitte

Til ønskereprisen, hadde Torjul fått hjelp av ei lokal dame, som vart kalla Tausa Birgitte. Birgitte representerte arrangøren Batnfjord Idrettslag, men det var fleire som først ikkje kjente igjen frøkena. I alle fall fekk Torjul god hjelp til å vise fra museumsgjenstandar, som var lånt frå Romdalsmuseet. Her fekk vi både sjå og demonstert ulike gjenstandar, som fekk avdekt ukjente bruksområde og opphav til ulike ord og uttrykk, som å » ta seg ein pinne» og «Mas-karra».

Tausa Birgitte

Etter underhaldninga var det klart for dans, og det er vel ingen tvil om at arrangørane nok ein gong har lykkast med Storlygaren. Etter stemninga å dømme, blir ikkje køa kortare neste år.


Alle foto: Robert Veiset

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel, Bilder

Ungdommens kulturmønstring

19 januar 2011 Comments off

UKM 2011 vert heldt i sammarbeid mellom Gjemnes og Nesset.
I år blir UKM arrangert i Batnfjord samfunnshus, med Gjemnes ungdomsråd som teknisk arrangør. Vi håpar så mange som råd tek turen for ein fortreffeleg dag med bra musikk, dans, utstillingar m.m.

  • Dato og tid: 19.februar kl. 15.00
  • Batnfjord Samfunnshus
  • Påmeldingsfrist: 6.februar

Du kan også delta på UKM med nesten kva som helst. Det er berre gå på heimesidene til Ungdommens kulturmønstring, og melde deg på ønska grein.

Hjertelig velkomen!

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noe mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Arrangement

Pubkveld 2. juledag

28 november 2010 Comments off

Etter Hjorten Cup i Gjemneshallen, er det duka for «bankett» på Batnfjord samfunnshus.
Batnfjord IL arrangerer «annjdagsfest», og kveldens artist er trønderen Stig «Ziggy» Sæther.

Tid: 2.juledag kl. 21.00-02.00
Sted: Batnfjord samfunnshus

«Ziggy er en rutinert pøbb underholder med mange års erfaring fra underholdning i utelivsbransjen. Ziggy kommer fra Trondheim og han har turnert de fleste pøbber i Sør og Nord Trøndelag og Nord Norge. Utover høst og vinter kan man også stifte bekjentskap med han i andre deler av landet.

Ziggy Sæther står for underholdninga 2.juledag

Hans store fordel er evnen til å engasjere gjestene med god humor,uhøytidlighet og med  et meget variert repertoir  basert på blues, rock og køntri sjangrene. Masse norsk er det også plass til på repertoiret. Allsang er noe denne artisten virkelig liker å sette i gang blandt gjestene. Ziggy spiller gitar, trakterer munnspill og synger.» (www.flan-booking.no)

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Arrangement

Zumba i Fjorden

Mange har nok hørt om den nye farsotten; nemlig zumba. Zumba blir definert som: «Effektiv dansebasert trening inspirert av Cumbia, Salsa og Samba».  De siste ukene har instruktør Christin Romuld, kunne tilby zumba på Batnfjord samfunnshus.

Zumba i fjorden

Batnfjord.no sine utsendte deltok på treninga, for å se om dette var noe for bygdafolket.
Konklusjonen er: ja!

Vi talte 27 kvinnelige deltakere, i alle aldrer, både nybegynnere og mer erfarne.
Etter en time, hadde Christin Romuld, sørget for at alle hadde blitt gode og svette, og en tanke rødere i ansiktet…

4 Høgset-jenter som er fornøyd med Zumba

Christin forteller at hun har hatt timer både på Kleive og Hjelset, og at hun vil fortsette med tilbudet i Batnfjorden på torsdager.  Hun har tidligere tatt instruktørkurs i Oslo, og planlegger videregående kurs i høst.

I august planlegger Christin ferie, men fram til da er det mulig å vrikke og danse seg til bedre form på torsdager.

For å bli med må du melde deg på:
Sms: 97482854

Hopp og sprett

Facebookgruppe: Zumba Batnfjord

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel