Arkiv

Poster tagget med ‘Batnfjord IL’

Årsmøte Batnfjord idrettslag

30 mai 2011 Comments off

Det er klart for årsmøte i Batnfjord Idrettslag.

  • Mandag 20.juni kl. 19.00
  • Klubbhuset

-Styret

Categories: Arrangement

Fotballheltar besøkte Batnfjord

17 mars 2011 Comments off

Mange var møtt opp da MFK hadde meldt sin ankomst til Bunnpris på Batnfjordsøra 16.mars. MFK er ofte på besøk rundt omkring, for å skape blest om sesongkort og prosjekt tilhørighet, og denne gonga var det Batnfjord Idrettslag sin tur til å få besøk.
Frå spelarstallen møtte tre av dei nye: Pål Erik Ulvestad frå Sunnmøre, og dei to amerikanerane Joshua A. Gatt og Sean Cunningham. Det spelte ingen rolle at det ikkje var dei etablerte stjernene som kom, det var lang kø for autografskriving og for å ta bilder.  Etter autografskriving og kaffedrikking, var det tid for konkurranse. Alle frammøtte kunne tippe kor mange gong dei tre frå MFK klarte å trikse til saman. Etter mykje spekulering og vurdering , kom det inn mange gode tips. Sean og Joshua triksa tilsaman ca 130 gonger, og utan å nemne navn var ein spesielt uheldig, og klarte berre 14 berøringar, før ballen gjekk i bakken. Ulvestad var meir heldig eller flink, han klarta over 330 gonger før han missa. Dette førte til at Tor André Hoem kom nærmast i tippekonkurransen, og vann seg eit sesongkort på Aker Stadion.

Tor Andre tippa best, og vann sesongkort

 

Categories: Artikkel

Batnfjord IL stiller herrelag i 5.divisjon

7 mars 2011 Comments off

Det er no klart at Batnfjord IL skal stille med 11-lag for herrer  sesongen 2011, og det er meldt på lag i 5.divisjon.
Laget har treningar i Gjemneshallen kvar mandag kl. 20.00.  Det har vore bra oppmøte dei siste treningane, og det er berre å møte opp for den som har lyst.
Det blir jobba med å få på plass eit trenarteam, og dette ser pr dags dato ut til å gå i orden, ved hjelp av lokale krefter.

Kontaktperson er Jonny Skar.

Categories: Artikkel

Ekstraordninært Årsmøte B.I.L

28 september 2010 Comments off

Batnfjord Idrettslag kallar inn til ekstraordinært Årsmøte.

Saka som skal opp er plassering og finansiering av kunstgrasbane.

Tid: Mandag 11. oktober kl. 19.00
Stad: Klubbhuset


Categories: Arrangement

Siste handlekveld før sommeren

24 mai 2010 Comments off
Batnfjord IL informerer:
Førstkommende onsdag, 26. mai, er det siste mulighet til å prøve treningsdresser, shortser osv., hvis du skal ha det før sommeren.
Vi vil være på klubbhuset fra kl. 18 til 20. Vet du hvilken størrelse du skal ha, kan du bestille på mail eller telefon.
Bestillingen vil bli sendt torsdag 27. mai, så alle bestillinger og betalinger må være inne til da.
Mer info og bilder av klubbkolleksjonen på Batnfjord IL sine hjemmesider
Categories: Arrangement, Informasjon

Snart sesongstart

28 april 2010 Comments off

Dei fleste av fotballaga til Batnfjord IL har sin første seriekamp i løpet av dei to neste vekene.
For enkelte blir det den første kampen nokon gong!

Banemesteren sjekker graset

Damelaget er klubben sitt seniorlag denne sesongen, og her er det alt frå «gamle travarar» til spreke ungdommar.
Batnfjord.no følgde damelaget tett, på deira siste trening før seriestart.
Oppmøtet lovar i alle fall godt, med ny rekord for året, med 15 oppmøtte.

Categories: Bilder