2. juledag, vart det tradisjonen tru, arrangert Hjorten Cup i Gjemneshallen.
Både i herre og kvinneklassen, klarte tittelforsvararane frå i fjor å hente heim seieren.
I kvinnefinalen vart det storseier med heile 9-0 til fjorårsvinnar Baksida, over Torvika. Nykommarane Åbakkan kom på tredjeplass, Solsida på fjerde og Ranheim kom på femte.
Ranheim stilte også i herreklassen, og hadde helt klart den beste supportergjengen, alle kledd i gule drakter.

Baksida: Anne Marit Bjerkeset (bak f v), Ragnhild Bjerkeset, Stine Marie Indergård, Carina Stokke, Britt Torill Blakstad, Marthe Høgset (framme fv), Elisabet Bjerkeset og Tonje Hoem
I herrefinalen vart det eit tett oppgjer mellom Osmarka, der Solsida/Rød trakk det lengste strået til slutt. Da hadde det stått 3-3 etter ordinær tid og 4-4 etter ekstraomgangar. Solsida/Rød vann straffekonkurransen etter scoring av to blad Furset, Arnt Løve og Marius, samt redning av keeper Ole Pedersen.

Solsida/Rød: Kristian V. Opdahl (bak f v), Magnus Røvik, Åge Ødegård, Ola Vegard Sæter, Magnus V. Opdahl, Martin Gimnæs, Hans Are N. Grimstad (framme f.v), Arnt Løve Furset, Ole Pedersen og Marius Furset (Håvard Szabo var ikkje med på bildet)
Les mer…