Arkiv

Arkiv for emne ‘Bilder’

Mykje artig på Storlygarkvelden

6 februar 2011 Comments off

Den berømte «batnfjordshalvtimen» er avvikla. I allefall gjeld dette ei helg i året, og det er under Storlygaren. Arrangementet har vorte tradisjon for mange, og mange utflytta batnfjordingar tar turen heim for å få med seg ein god latter eller tre på Samfunnshuset. Arrangørane kunne melde om at folk stilte seg opp i kø utanfor, allerede 15 min før dørene opna kl. 18.30. Kl. 19.00 var det vanskeleg å oppdrive ledige stolar, og då var det enda ein time igjen til underhaldninga starta.

God stemning framme ved scena

Underhaldninga i år, var det Odd Arne Halaas, Kjell Arne Skjørsæther og fem spreke menn frå Lånkerevyen som stod for. Harald Morten Bremseth, Pål Tyholdt, Roger Nordgård, Christer Nilsen og Thomas Woldseth, får Lånkerevyen har vunne NM i revy på Høyøandet, og det hadde det vore prisutdeling i går kveld, hadde det nok vanka fleire prisar.

Jan Karstein  Schjølberg var konfransier. I tillegg vart han mesterlig parodiert av Kjell Arne Skjørsæther frå Nesset. Her hadde det tydeleg vore grundig studering av dialekt og fakter.

Schjølberg 1

Schjølberg 2

Første nummer ute var idrettsbanen, etterfulgt av blant anna Dracula sin sønn, NAV-ansatt, parodi, Busstoppen, fuglene og fleire gode historier av Odd Arne Halaas. Latteren satt i alle fall laust i salen, og det var god stemning.

Categories: Artikkel, Bilder

Batnfjorden sett frå lufta

1 februar 2011 Comments off

Dette bildet vart tatt frå lufta ein vakker vinterdag i 2010.

Har du bilde som du ønsker å dele med resten av lesarane til batnfjord.no?

Send gjerne inn til oss!

Foto: Arvid Loe

Categories: Bilder

Dobbel seier til Batnfjorden i Hjorten Cup

27 desember 2010 Comments off

2. juledag, vart det tradisjonen tru, arrangert Hjorten Cup i Gjemneshallen.
Både i herre og kvinneklassen, klarte tittelforsvararane frå i fjor å hente heim seieren.

I kvinnefinalen vart det storseier med heile 9-0 til fjorårsvinnar Baksida, over Torvika. Nykommarane Åbakkan kom på tredjeplass, Solsida på fjerde og Ranheim kom på femte.
Ranheim stilte også i herreklassen, og hadde helt klart den beste supportergjengen, alle kledd i gule drakter.

Baksida: Anne Marit Bjerkeset (bak f v), Ragnhild Bjerkeset, Stine Marie Indergård, Carina Stokke, Britt Torill Blakstad, Marthe Høgset (framme fv), Elisabet Bjerkeset og Tonje Hoem

I herrefinalen vart det eit tett oppgjer mellom Osmarka, der Solsida/Rød trakk det lengste strået til slutt. Da hadde det stått 3-3 etter ordinær tid og  4-4 etter ekstraomgangar. Solsida/Rød vann straffekonkurransen etter scoring av to blad Furset, Arnt Løve og Marius, samt redning av keeper Ole Pedersen.

Solsida/Rød: Kristian V. Opdahl (bak f v), Magnus Røvik, Åge Ødegård, Ola Vegard Sæter, Magnus V. Opdahl, Martin Gimnæs, Hans Are N. Grimstad (framme f.v), Arnt Løve Furset, Ole Pedersen og Marius Furset (Håvard Szabo var ikkje med på bildet)

Les mer…

Categories: Artikkel, Bilder

Knallføre på Harstadfjellet

19 desember 2010 Comments off

Puddertur på Harstadfjellet 19.12.2010

Batnfjord.no hadde i dag ei gruppe med utsendte på Harstadfjellet, for å sjekke skiføret. Det vart rapportert om 10-12 minusgrader, opphaldsver og pudderføre.  Fleire av turdeltakarane, kunne melde om at dette var på lista over topp 5, når det gjaldt skiføret på Harstadfjellet.


(Alle foto: Ola Vegard Sæter)

Categories: Bilder

Høg puls på treningssenteret

23 oktober 2010 Comments off

For fem år sidan spekulerte Merete Stub på om det var mogeleg å drive treningsstudio på Batnfjordsøra. Ho hadde veldig lyst til å starte opp, men var i tvil om det var marknad for denne typen tilbud i ein kommune som Gjemnes. Stub bestemte seg for å satse, og i sentrumsnære lokaler, opna Pulse Fitness dørene april 2006.

Merete Stub

No er vinteren i anmarsj og det er tydeleg at mange sett pris på å ha eit treningssenter. Dette merkar også Merete, som stadig har fått fleire kundar sidan opninga for snart fem år sidan.  » Pr i dag er det ca. 240 som trenar her hos meg. Eg var veldig spent i starten, men det har eigentleg berre gått i plus heile vegen. Her er alle aldersgrupper og kjønn representert, men det er nok mest kvinner som trenar på Puls.»

Batnfjord.no sin utsendte fekk gleda av å delta på spinningtime denne kvelden, med Marit Blakstad som instruktør. Og vi kan med ein gong avkrefte, at sjølv om namnet får oss til å tru noko anna, så er ikkje Marit batnfjording. » Eg har fått spørsmålet mange gonger sidan eg flytta hit», fortel Blakstad, som opprinneleg er frå Nes i Hedemark, og har turnusen sin som fysioterapeut på Batnfjordsøra. I tillegg til å behandle pasientar på dagtid, har ho sidan 1. september hatt spinningtimar to gonger for veka. » Det er bra oppmøte, og nesten fullt kvar gong», fortel Marit. » For å delta må du skrive deg på lista, og listene blir fort fulle».

Svett og fornøyd gjeng etter spinningtime

Så litt fakta:
Kven er det typiske batnfjordingen, som likar å tilbringe delar av fritida si på treningssenteret?
» Det er mest damer», seier Merete, og tar ein kikk på dataen for sjå på statestikken. Ho fortel at det er folk i alle aldrar som trenar på Puls, men at blant menn, så er det mest dei yngre som likar denne treningsforma. Gjennomsnittet for herrer er ca 30 år, medan for kvinner er den ca 40 år.

I fjor utvida Puls Fitness arealet sitt, og fekk da ei eiga avdeling for kondisjonsapparat, som sykkel, romaskin og tredemøller. I den andre delen er det apparat og vekter for styrketrening. Her finn vi ein gjeng med unge menn, som er ivrige brukarar av Puls Fitness.
«Eg brukar å trene her kvar dag», fortel Ismail. » Da går det i jogging på tredemølla og styrketrening».  Saman med kompisen Kadar, går det mykje i trening på fritida. » Eg er ikkje her kar dag, men ca tre gonger  for veka, for å trene styrke», fortel Kadar. Men begge er einige at det er kjekt å dra saman med andre, og at det er sosialt å trene på helsestudio.

Categories: Artikkel, Bilder

Strålande Dyregod-dagar

5 september 2010 Comments off

Tre dagar med strålande sol, og et yrande folke- og dyreliv på Batnfjordsøra. Arrangørane reknar at over 11000  har besøkt Dyregod denne helga.

Delar av messeområdet i Batnfjord sentrum

Fredag var det opplegg for 10.-klassar frå heile regionen, med Gaute Grøtta Grav som mentor. På laurdag var Drengatlon eit av høgdepunta (sjå eiga sak). Ellers var dagane fullsatt med program med alt frå fagseminar, hesteopptog, kalvemønstring, dyreutstilling, demonstrasjon av sauesanking, andeløp, barneforestilling og konsert med lokale musikkrefter.

Dugnadsånda er stor før og under Dyregod, og både små og store har delteke for å få dagane i havn.

Dyreliv: denne tilsynelatande uskyldige karen, laga arbeid for nattevaktene på Dyregod...

Categories: Arrangement, Artikkel, Bilder

Drengatlon 2010

4 september 2010 Comments off

Drengatlon 2010

Det vart lokal seier i årets Drengatlon, under Dyregod-dagane 2010. Fjorårets vinnarlag med Nils Arild Sæther og Gunnar Myrvang kom til finalen, men måtte sjå seg slått av den nykomponerte laget Jens Inge Blakstad og Ola Vegard Sæter. På tredjeplass kom Thor Eivind Hyllnes og Martin Kvalvåg.

14 drengar og  fire rakartauser deltok. Dei mannlege deltakarane fekk god kamp, både av Stine Marie Indergård, og Bente Solenes, som stilte på kvart sitt blandalag.  Best ut av tausene kom Carina Stokke og Rianne van den Brink, som stilt reint rakartauslag.

Categories: Arrangement, Bilder, Video

Barnas Sykkelfestival 2010

16 august 2010 Comments off

En flott dag i flott vær :)  Barnas Sykkelfestival ble i år arrangert med grusbaneritt for barn mellom 0 til 14 år på Øra Stadion i Torvikbukt. En stor suksess for barna! Rundt 90 spente deltakere sto på startstreken i forskjellige puljer, og mange av de var fra Batnfjorden.

Foto: Daniel Kvalvik

Noen syklet 1/2 runde, mens andre syklet 1, 2 eller 3 runder. Flotte premier – Gjemnes Sykkelklubb sin headover, drikkeflaske, medalje og diplom til alle sammen. I tillegg ble det en trekt ut en del premier på startnummer, bla 5 stk klubbtrøyer, hjelm, sykkelhansker osv. Det ble tilbudt gratis brus, saft, frukt og kaffe, og det ble solgt vafler. Håper alle koste seg på sykkelsetet – og vi håper å se dere på Barnas Sykkelfestival 2011.

Les mer på Gjemnes Sykkelklubb sin hjemmeside, www.gjemnessykkelklubb.no. Der finner dere også mange flotte bilder fra arrangementet!

Categories: Arrangement, Artikkel, Bilder

Texas’ Dispipler vart Bygdamester 2010

1 august 2010 Comments off

Texas’ Disipler vann Bygdafinalen under årets Batnfjord Open. Nytt av året var at dei to beste laga frå Gjemnes, møtes i ein eigen Bygdafinale. Laget Smash, som vart satt saman i siste liten på turneringsdagen, ga Texas’ Disipler kamp, men tapte mot rørleggarane med siffera 21-17.

Gunnar Myrvang, Knut "Texas" Furuli, Tino Grüner,Torgunn Hyllnes, Babette Grüner og Torgeir Hoem

I hovedfinalen møttes Ingvild Dreamteam og Great Potential. Ingvilds Dreamteam vann første settet 21-19, og sikra seieren i det andre settet med 21-15 i poeng.

Resultat Batnfjord Open 2010
GRUPPE A

LAG RESULTAT POENG PLASSERING
Ingvilds Dreamteam 21-12, 21-17, 22-20 6 1
Great Potential 21-12, 21-5, 20-22 4 2
Turkiss 12-21, 17-21, 21-6 2 3
Nålbakkain Vålybaillklubb 12-21, 5-21, 6-21 0 4

GRUPPE B

LAG RESULTAT POENG PLASSERING
Team Bacalao 21-12, 21-18, 21-17 6 1
Fire kløna og to høna 21-10, 18-21, 17-21 4 2
Smash 12-21, 21-16, 17-21 2 3
Texas Disipler 10-21, 16-21, 7-21 0 4

SEMIFINALAR

LAG RESULTAT
Ingvilds Dreamteam – Fire kløna og to høna 21 – 10
Great Potential – Great Potential 16 – 21

BYGDAFINALE

LAG RESULTAT
Smash – Texas’ Disipler 17 – 21

BRONSEFINALE

LAG RESULTAT
Fire kløna og to høna – Team Bacalao 0 – 2 (10-21, 13-21)

FINALE

LAG RESULTAT
Ingvilds Dreamteam – Great Potential 2 – 0 (21-19, 21-15

Her kan du sjå resultata frå gruppespelet: Resultat BO 2010

Categories: Arrangement, Bilder

Ørefestivalen 2010

11 juli 2010 Comments off

Andeløp, hoppeslott, trialkjøring, mange flotte salgsboder og helikoptertaxi, dette var noko av det du kunne sjå og oppleve under årets Ørefestival.

Ørefestivalen 2010

Intessert i gamle vinylplater, spekemat, blomster, Tupperwear, mat, ullklede eller trearbeid, på Øre kunne du finne noko for ein kvar smak. I tillegg var det mange ulike konkurransar. Den med flest deltakarar var andeløpet, der 400 gule plastikkender konkurrerte om å kome først i mål. Innsatsen var 100 kr pr and, og det var mange som venta spent langs elva, på akkurat si and.  Vi møtte ordførar og skeidsdaling Knut Sjømæling nede ved målstreken, han kunne avsløre at han spesielt såg etter and nr 70 og 71.

Veret var ikkje på arrangørane si side tidleg på laurdag, men utover dagen vart veret berre betre og betre. Køa var til tider lang for dei som ønska å sjå delar av Gjemnes kommune frå lufta.

Vi snakka med søstrene Elise og Marianne Kvendseth etter endt holikoptertur. «Uvirkelig!» utbryt Marianne. Passasjerane fekk ein rundtur på ca 10-15 min, og kunne sjølv velge kor ferda skulle gå. «Artig å sjå kor du bor hen ovanfrå», sa ein av dei fornøgde passasjerane etter endt tur i det oansje helikopteret.

Her kan du sjå bilder frå årets festival.

Alle foto: Arnhild Heggemsli Harstad og Ingvild Dverseth Sæter

Categories: Artikkel, Bilder