Arkiv

Forfatter arkiv

Batnfjord IL stiller herrelag i 5.divisjon

7 mars 2011 Comments off

Det er no klart at Batnfjord IL skal stille med 11-lag for herrer  sesongen 2011, og det er meldt på lag i 5.divisjon.
Laget har treningar i Gjemneshallen kvar mandag kl. 20.00.  Det har vore bra oppmøte dei siste treningane, og det er berre å møte opp for den som har lyst.
Det blir jobba med å få på plass eit trenarteam, og dette ser pr dags dato ut til å gå i orden, ved hjelp av lokale krefter.

Kontaktperson er Jonny Skar.

Categories: Artikkel

Mykje artig på Storlygarkvelden

6 februar 2011 Comments off

Den berømte «batnfjordshalvtimen» er avvikla. I allefall gjeld dette ei helg i året, og det er under Storlygaren. Arrangementet har vorte tradisjon for mange, og mange utflytta batnfjordingar tar turen heim for å få med seg ein god latter eller tre på Samfunnshuset. Arrangørane kunne melde om at folk stilte seg opp i kø utanfor, allerede 15 min før dørene opna kl. 18.30. Kl. 19.00 var det vanskeleg å oppdrive ledige stolar, og då var det enda ein time igjen til underhaldninga starta.

God stemning framme ved scena

Underhaldninga i år, var det Odd Arne Halaas, Kjell Arne Skjørsæther og fem spreke menn frå Lånkerevyen som stod for. Harald Morten Bremseth, Pål Tyholdt, Roger Nordgård, Christer Nilsen og Thomas Woldseth, får Lånkerevyen har vunne NM i revy på Høyøandet, og det hadde det vore prisutdeling i går kveld, hadde det nok vanka fleire prisar.

Jan Karstein  Schjølberg var konfransier. I tillegg vart han mesterlig parodiert av Kjell Arne Skjørsæther frå Nesset. Her hadde det tydeleg vore grundig studering av dialekt og fakter.

Schjølberg 1

Schjølberg 2

Første nummer ute var idrettsbanen, etterfulgt av blant anna Dracula sin sønn, NAV-ansatt, parodi, Busstoppen, fuglene og fleire gode historier av Odd Arne Halaas. Latteren satt i alle fall laust i salen, og det var god stemning.

Categories: Artikkel, Bilder

Batnfjorden sett frå lufta

1 februar 2011 Comments off

Dette bildet vart tatt frå lufta ein vakker vinterdag i 2010.

Har du bilde som du ønsker å dele med resten av lesarane til batnfjord.no?

Send gjerne inn til oss!

Foto: Arvid Loe

Categories: Bilder

Klart for Storlyging

21 januar 2011 Comments off

Det nærmar seg ny Storlygarkveld på Batnfjord Samfunnshus.

Desse kjem for å opne latterdøra denne kvelden:
Odd Arne Halaas,- som får opp latterdøra fortere enn dei fleste…
Kjell Arild Skjørsæther – «mer tull og tøys kan det ikke bli»
Harald Morten Bremseth, Pål Tyholdt, Roger Nordgård, Christer Nilsen og Thomas Woldseth, kjem frå Lånkerevyen, som vann prisen for beste revynummer under NM i revy på Høylandet i 2009.

ARRANGEMENTET ER UTSOLGT!

Storlygarkveld 2011

  • Laurdag 5. februar kl. 20.00
  • Dørene blir opna kl. 18.30
  • Dans etterpå med  «The Last Rebels»  (Gussiås og Nerli)
  • Aldersgrense 18 år
  • Salg av mat, kaffe, mineralvatn, øl og vin
  • Arrangør er Batnfjord Idrettslag

Les også: Storlygarkvelden 2010

Categories: Arrangement, Artikkel

Dobbel seier til Batnfjorden i Hjorten Cup

27 desember 2010 Comments off

2. juledag, vart det tradisjonen tru, arrangert Hjorten Cup i Gjemneshallen.
Både i herre og kvinneklassen, klarte tittelforsvararane frå i fjor å hente heim seieren.

I kvinnefinalen vart det storseier med heile 9-0 til fjorårsvinnar Baksida, over Torvika. Nykommarane Åbakkan kom på tredjeplass, Solsida på fjerde og Ranheim kom på femte.
Ranheim stilte også i herreklassen, og hadde helt klart den beste supportergjengen, alle kledd i gule drakter.

Baksida: Anne Marit Bjerkeset (bak f v), Ragnhild Bjerkeset, Stine Marie Indergård, Carina Stokke, Britt Torill Blakstad, Marthe Høgset (framme fv), Elisabet Bjerkeset og Tonje Hoem

I herrefinalen vart det eit tett oppgjer mellom Osmarka, der Solsida/Rød trakk det lengste strået til slutt. Da hadde det stått 3-3 etter ordinær tid og  4-4 etter ekstraomgangar. Solsida/Rød vann straffekonkurransen etter scoring av to blad Furset, Arnt Løve og Marius, samt redning av keeper Ole Pedersen.

Solsida/Rød: Kristian V. Opdahl (bak f v), Magnus Røvik, Åge Ødegård, Ola Vegard Sæter, Magnus V. Opdahl, Martin Gimnæs, Hans Are N. Grimstad (framme f.v), Arnt Løve Furset, Ole Pedersen og Marius Furset (Håvard Szabo var ikkje med på bildet)

Les mer…

Categories: Artikkel, Bilder

Hjorten Cup 2010-kampoppsettet klart

23 desember 2010 Comments off

2. juledag er det igjen klart for Hjorten Cup i Gjemneshallen.
Som vanleg blir det bygd mot bygd, og kåring av beste fotballbygd.
Turneringa har vore arrangert kvart år sidan 1995, med unntak av 1999, og det er vandrepokal for kvinne og herreklassen.

I fjor var det Solsida/Rød som gjekk av med seieren i herreklassen, mens Baksida vann i kvinneklassen.

Nederst på saka finn du årets kampoppsett. I herrer blir det semifinalar med dei to beste laga frå kvar pulje, i kvinneklassen er det dei to beste laga som går til finalen.
Første semifinale ca kl. 17.00, finalar ca 17.30.

Baksida vann kvinneklassen i Hjorten Cup 2009

Kvinneklassen Herreklassen
Torvika
Ranheim
Åbakkan
Solsida
Baksida
Åbakkan
Osmarka
Torvika
Ranheim
Kvalvåg/Hoem
Skeidsdalen
Baksida/Åndal
Solsida/Rød

Frå kampen mellom Åndal og Solsida/Rød i 2009

Les mer…

Categories: Arrangement

Knallføre på Harstadfjellet

19 desember 2010 Comments off

Puddertur på Harstadfjellet 19.12.2010

Batnfjord.no hadde i dag ei gruppe med utsendte på Harstadfjellet, for å sjekke skiføret. Det vart rapportert om 10-12 minusgrader, opphaldsver og pudderføre.  Fleire av turdeltakarane, kunne melde om at dette var på lista over topp 5, når det gjaldt skiføret på Harstadfjellet.


(Alle foto: Ola Vegard Sæter)

Categories: Bilder

Batnfjord Skytterlag inviterer til trening

17 desember 2010 Comments off

Batnfjord skytterlag inviterer til ny sesong ved innendørsbanen i Gjemneshallen.

13.januar blir det oppstart med trening, både for nye og gamle skyttere.

  • Torsdag 13.01, 20.01,27.01, 03.02, 10.02, 17.02 og 24.02:

    Kl.18-19: Rekrutt
    Kl.19-20: Senior

For nærmere informasjon:

Rune Aarnes: mob: 469 155 94
Karl Th. Hals: mob 980 746 51

Les meir på heimesidene til Batnfjord Skytterlag


Categories: Arrangement

Innetrening A-lag herrer

3 desember 2010 Comments off

Fredag 3.desemberkl. 18.00, blir det innetrening i Gjemneshallen for A-lag herrer.
Fotballstyret har den siste tida arbeidd med å skaffe trenar til laget, og håpar å få dette på plass så fort som mulig.

Ved ein gjennomgang er det kome fram til ca 20 potensielle spelarar, og det finnes heilt sikkert fleire i kommunen som kan tenke seg å bli med.

I første omgang blir det trening på fredagar, slik at det blir enklare for dei som bor borte på hybel ol, og få med seg treningane.

Har du spørsmål? Ta kontakt med fotballgruppa: bilfotball@gmail.com

A-lag herrer Batnfjord anno 2007 (kamp mot Bud)

Categories: Informasjon

Pubkveld 2. juledag

28 november 2010 Comments off

Etter Hjorten Cup i Gjemneshallen, er det duka for «bankett» på Batnfjord samfunnshus.
Batnfjord IL arrangerer «annjdagsfest», og kveldens artist er trønderen Stig «Ziggy» Sæther.

Tid: 2.juledag kl. 21.00-02.00
Sted: Batnfjord samfunnshus

«Ziggy er en rutinert pøbb underholder med mange års erfaring fra underholdning i utelivsbransjen. Ziggy kommer fra Trondheim og han har turnert de fleste pøbber i Sør og Nord Trøndelag og Nord Norge. Utover høst og vinter kan man også stifte bekjentskap med han i andre deler av landet.

Ziggy Sæther står for underholdninga 2.juledag

Hans store fordel er evnen til å engasjere gjestene med god humor,uhøytidlighet og med  et meget variert repertoir  basert på blues, rock og køntri sjangrene. Masse norsk er det også plass til på repertoiret. Allsang er noe denne artisten virkelig liker å sette i gang blandt gjestene. Ziggy spiller gitar, trakterer munnspill og synger.» (www.flan-booking.no)

Categories: Arrangement