Arkiv

Forfatter arkiv

Silsetvatnet Rundt 2013

7 juni 2013 Comments off

I år blir Silsetvatnet rundt arrangert for 25. gong.

Dato: Søndag 23. juni fra kl 10.00.

Velkommen til alle store og små turgåere og litt mere aktive løpere!

Arr: Batnfjord Idrettslag

Silsetvatnet Rundt 2010

Silsetvatnet Rundt 2010

Categories: Arrangement

Prøvetur på nyvegen

26 mai 2013 Comments off

Søndag vart det arrangert tur på den nye E-39 Astad-Knutset. Det er no berre ei drøy veke før vegen blir opna for trafikk, og det var mange som nytta sjansen til å sjå vegen. Etter 3. juni er vegen forbudt for gåande og syklande. Turmarsjen vart arrangert av Batnfjord Ungdomslag og Batnfjord bygdalag, og på den fire km lange vegen var det lagt inn både quiz-spørsmål og saftstajon. Omlag femti personar deltok på marsjen i det fine veret, og den som ville hadde moglegheit til å stille spørsmål til Per Bjørn Gjelsten frå Vegvesenet, som og deltok på turen.

Mange tok turen på den nye vegen mellom Astad og Blakstad

Mange tok turen på den nye vegen mellom Astad og Blakstad

Categories: Artikkel, Bilder

-Quiz med Per!

14 februar 2013 Comments off
Per Kvendseth er klar for quiz-kveld 1.mars

Per Kvendseth har spørsmåla klare til 1.mars

1. mars er det mogeleg å få testa kunnskapane sine på quiz-kveld. Hjorten Batnfjord er arrangør. Dei har henta inn Gjemnes sitt svar på quiz-Dan, nemleg Per «Børge» Kvendseth, til å leie spørrerunden.

Dette blir den første quiz-kvelden i regi av Hjorten, og det er tenkt at det skal arrangerast den første fredagen i månaden framover. På grunn av påska, blir den andre quiz-kvelden allereie 22.mars.

Reglane er enkle:

* Du må stille lag for å kunne delta, og laget må ha eit navn.

*Det må vere 4-6 personar pr lag, 60,- kr pr lag

*Påmelding: ring eller stikk innom Hjorten

* Premie: gavekort frå Hjorten Batnfjord

*Salg av mat og drikke i baren

Det er ikkje nødvendig å stille dei samme laga for kvar kveld, men lag, foreningar og bygder (f. eks Speidaren, Bygdeungdomslaget,Harstad, Skeidsdalen mm) blir oppfordra til å stille lag. Det har allereie komme påmeldingar, og mange har vist interesse for arrangementet. For å sikre plass til sitt lag, kan det vere lurt å melde seg i god tid. Kva det blir stilt spørsmål om, er sjølvsagt strengt hemmeleg, men arrangørane lovar at det vil bli varierte kategoriar, og at spørsmåla er henta frå heile verda, også lokalt, så her kan det lønne seg å vere oppdatert både på fjernt og nært. Målgruppa er vaksne i alle aldrar, og til no er det både»unge» og «gamle» som har meldt seg på.

Per_Angela

Per og Angela gledar seg til quiz-kveld, og håpar på fulle hus.

Categories: Arrangement, Artikkel

Ny suksess for Storlygarkvelden

3 februar 2013 Comments off

Fulle hus, god stemning og mykje latter. Storlygarkvelden på Batnfjordsøra vart nok ein gong ein suksess.
Allreie kl. 18. 00 stod folk og venta utafor døra, og da dørene opna kl. 18.30, var det lang kø. I løpet av 10 min var lokalet fullt, og 300 hadde benka seg for å få seg ein god latter. Og latter vart det, ikkje minst med hjelp av konfransier Jan Karstein Schjølberg. Slik som vi er vant med at kvinnelege konfransierar skiftar antrekk, kom Schjølberg stadig på scena med nye slips, i ulike politiske farger.

 

Dei siste åra har det vore eit stor innslag av trønderar på Storlygarkvelden, og denne kvelden var ingen unntak. På plakaten stod Per Arne Lynum (Ottar), Reidar Klungervik og dottera Kristin Klungervik. Raymond Talberg var det lokale innslaget, som Oddgeir Bruaset; «Batnfjorden – der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Bruaset hadde tydelegvis godt grundig til verks (som vanleg), og hadde fått med seg mykje av det som har skjedd i bygda.Det er tydeleg at trønderhumor og lokal humor fenger publlikummet på Batnfjordsøra, og med tanke på køene i baren, er det rimeleg å tru at idrettslaget fekk inn ei kjærkommen ekstra inntekt denne laurdagen.

Categories: Artikkel

Storlygarkveld 2013 – utsolgt

9 desember 2012 Comments off

Batnfjord Idrettslag er under planlegging av ny Storlygarkveld februar neste år. Datoen du bør sette av, er 2. februar 2013. Kven som står på plakaten av underhaldning er enno ikkje kjent, men arrangementskomiteen kan love at humoren blir trønderinspirert.

Billettane vart lagt ut for salg 14. desember, og er allereie utsolgt melder Batnfjord Idrettslag.

 

 

Categories: Arrangement, Informasjon

- Endeleg har vi kafè igjen!

4 desember 2012 Comments off

I dag opna Hjorten Batnfjord, og batnfjord.no var innom for å sjå korleis den nye kafèen vart tatt imot av lokalbefolkninga. «Endeleg har vi kafè igjen!, utbraut ein av dei første gjestane vi møtte, der han satt og kosa seg med ein tallerken heimlaga kjøttkaker.

Hjorten

Andre vi snakka med, var glade for å ha ein plass å møtes, å kunne kjøpe seg lunsj, kake og ein kaffekopp. Lokalet er nyoppussa, og gjennomført pynta i stil med navnet på kafeen: nemleg hjort. Julemusikk, juletre og gløgg, gjorde sitt for å lage julestemning.

Paret som driv Hjorten Batnfjord har arbeid i resteurantbransjen både i Noreg og i Spania, men dei sakna Noreg, og ønska derfor å komme tilbake. Paret Joël Laske og Angela Oerlemans er begge frå Nederland, og satsar på å servere heimlaga norsk mat. Angela viser stolt fram pepperkakehuset som dei har fått i gave, ellers er disken full av blomster med lykkeønskingar til dei nye driverane.

«Kjempekjekt å kunne kjøpe seg kaffe, og kaka var veldig god», seier ei dame. «Men sjølsagt vil dei ikkje overleve berre om vi kjøper kaffe. Vi må vere flinke til å bruke plassen».

No kan du få servert cappuccino på Batnfjordsøra

Starten ser i alle fall lovande ut: berre på den tida batnfjord.no var der, kom det to bestillingar på selskap, og i kveld var det bestilt bursdagsfeiring. Mange var innom første opningsdag, og forhåpentlegvis vil det bli bra med besøk i tida framover. På torsdagar det potetball som er dagens…..
Les også meir om opninga i Tidens Krav og Romsdals Budstikke

Categories: Artikkel

Seier til Batnfjord/Reinsfjell sitt herrelag

30 september 2012 Comments off

Det var god plass på tribunene, når Batfjord/Reinsfjell tok i mot Frei 2. Laga spelte jamt i første omgang, og stillinga var 1-1 til pause. Etter pausen opna Batnfjorden best, og gjekk opp i leiinga 2-1. Midtvegs i omgangen fekk Frei straffe, og den vart satt sikkert i mål. På stillinga 2-2 virka det som at Batnfjorden ville mest, dei kom til fleire sjansar og seiersmålet vart satt når det var igjen omlag eit kvarter. Les meir om kampen på herrelaget sin blogg.

Herrelaget som var nystarta i fjor, har så langt i år,  vunne fire kampar. Forhåpentlegvis vil det bli underhaldande kampar neste år, og vi håpar at det bli dårlegare om plassen på tribunen.

Publikum: ca 8

Categories: Artikkel

Kåring av den flinkaste drengen – Drengathlon 2012

27 august 2012 Comments off

Tradisjonen tru er det duka for konkurranse om å bli den beste drengen/rakartausa under årets Dyregod-dagar.
Konkurranen er open for alle som vil delta, og påmelding/info får du på telefon: 415 06 154.
Innleiande rundar er laurdag 1.september kl. 13.30, og de si beste laga går vidare til finalen kl. 15.00 same dag. Drengathlon er i år flytta til grasbanen/Batnfjord stadion, noko som ikkje bør vere til hinder for ein spanande konkurranse, god stemning og eit svært publikumsvennleg arrangement.

Drengathlon 2012

Drengatlon 2010

 

Categories: Arrangement

Korpsbasar 26.november

17 november 2011 Comments off

26. november 2011 blir det arrangert korpsbasar på Batnfjordsøra

Tid:  kl 12:00
Sted: Batnfjord Samfunnshus


Kiosksalg med kaffe, kaker,

pølse m/brød og rømmegrøt

 

Program:

Batnfjord Musikklag v/ Tor Åge Schunemann

Vel møtt til vår tradisjonelle korpsbasar

 

Arr: Batnfjord Musikklag

 

Categories: Ukategorisert

Ekstraordinært årsmøte i B.I.L

17 november 2011 Comments off

Batnfjord Idrettslag avholder ekstraordinært årsmøte på klubbhuset
mandag 28.november kl. 19.30

Sak:
Plassering og finansiering av kunstgressbane.

Flere detaljer på www.batnfjord-il.no

Vel møtt.
Styret

 

Categories: Arrangement