Hjem > Artikkel > Du mitt Nordmøre 2016

Du mitt Nordmøre 2016

9 desember 2016

Blant bidragsytarane i Du mitt Nordmøre finn vi både innflytta og utflytta nordmøringar i tillegg til dei «ektefødde».  Felles for dei er at dei likar å skrive, og da helst på nynorsk. Mange har vore trufaste skrivarar i fleire år, andre er nye av året. Aldersspennet er stort, frå 10-11 år og opp til over 100  –  Hans Hyldbakk.

Til saman skapar bidragsytarane ei bok med god variasjon og breidde. Somme skriv dikt, andre noveller, og mange skriv sakprosatekster.

I samband med region- og kommunereforma merkar vi oss to artiklar om verdien av å bruke det nynorske skriftspråket. Det er Lodve Solholm, som skiv som styreleiar for Nynorsk kultursentrum, og Møre bispedømme ved biskop, stiftsdirektør og ledar i bispedømmerådet.

Kjell-Erik Nordenson Kallset frå Tingvoll (busett i Oslo)og Arne Kvendseth frå Skeisdalen deler tankar om Nordmøre og kommunereforma.

Det er fleire forfattarar frå Gjemnes. Søskena  Sølve, Simen og Sunniva Grøteide frå Torvikbukt er alle tre   vinnarar i ein skrivekonkurranse med kvar si novelle. Torgeir Leivdal frå Furset (no busett i Surnadal) har skrive om « Å verte ein bakstrevar – Om husasnotra og næmingeutdanninga». Berta Aspås  frå Angvik er representert med diktet «Optimistar». Rolv Sæter frå Batnfjordsøra har skrive om «Stortingsbygninga 150 år i mars 2016 og nordmøringar på tinget i 1866». Det er og ein presentasjon av Målprisvinnarane på Nordmøre i 2016 Solveig og Rolf Hindhammer frå Angvik. Hovudartikkelen er skrive av Jon Bojer Godal, telemarking busett i Halsa: «Geitbåten på Nordmøre». Omslagsbildet med Freikollen og Lågfjellet er teke av Martin Ohren frå Øre.

image001

Og her er mykje godt lesestoff.  Boka kan brukast som julegåve, og  til lesing i gode kveldstunder!

Heile innhaldslista kan du lese nedst i artikkelen. Skriftstyret har vore Astrid A. Aubert (leiar), Ingrid Kjønnøy og Rolv Sæter.

Du mitt Nordmøre 2016 har 184 sider og kostar kr 150,00. Årboka er å få kjøpt på

Nikoline, Bunnpris Angvik, Bunnpris Batnfjord, Joker Torvikbukt og Coop Marknad Batnfjord.

Har du likevel vanskar med å få tak i boka, ta kontakt med Gjemnes Mållag ved Solveig Hindhammer

tlf. 979 87 846. Eller salsleiar i Nordmøre Mållag Sverre Hatle, sverhatl@online.no, som alltid er klar til å sende deg så mange eksemplar du vil.

 

InnhaldslisteDu mitt Nordmøre 2016:

Føreord

Sju små dikt frå Vårsøglandet

Rolv Sæter: Stortingesbygninga 150 år mars 2016 og nordmøringar på tinget i 1866

Christ Allan Sylthe: Tre dikt

Lodve Solholm: Det viktige nynorskfylket

Møre Bispedøme: Den nynorske rikdomen i Møre

Visdomsord

Bernt G. Bøe: Diskriminerer vi morsmålet vårt?

Kjell-Erik Nordenson Kallset: Sett frå Sinsen – Song til heimbygda

Arne Kvendseth: Kommunereform sett frå Skeidsdalen

Edvard Mogstad: Korleis kom raumane til Romsdalen

Svein Sæter: Brev frå ein flyktning

Olav Einset: Daglegliv ved hundreårsskiftet

Astrid Uv og Tor Helge Gravem: Kvitsaum på Nordmøre

Jon Bojer Godal: Geitbåten på Nordmøre

Torgeir Leivdal: Å verte ein bakstrevar

Oddvar Moen: Ei legerekning

Kjell André Brevik: Å gå under jordas smykke – Meir om jorddraging

Berta Aspås: Optimistar (dikt)

Sverre Hatle: Birkebeinaren Brørs

Asbjørn Aarnes: Veidemanns uhell

Astrid A. Aubert: Torbjørn Garshol – Veteran på Freikollen og senior i særklasse

Ivar Barlaup: Inspirasjon i Fjellheimen

Torolv Løset: Haust

Hans H. Hyldbakk: Trollkrem på Røsdalen

Bernt G. Bøe: Minneord om Eistein Bæverfjord

Øyvind Rangøy: Tolv heimstadfragment, to dikt og ei kveldsbøn

Eivind Hasle: Olav Gullvaag – bladmann og bokmann

Jon Atle Gulla: Far min, skulesjefen

Hans H. Hyldbakk: Om å nyte og yte (dikt)

Ingrid Kjønnøy: Stavneset

Tor-Erik Jenstad: Sjøløyskodde

Olav K. Lien: Blomsterglede (dikt)

Øystein Folden: Leplanting og andre raritetar

Rolv Sæter: Om skrivekonkurransen 2016

Sølve Grøteide: Ranet

Simen Grøteide: Flukta

Sunniva Grøteide: Fem minutt

Åsmund Ormset: Målprisen til Solveig og Rolf Hindhammer

Lyst til å skrive i Du mitt Nordmøre?

Om bidragsytarane 2016

Lagstoff 2016

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt