Hjem > Artikkel, Bilder, Informasjon > Stort engasjement på folkemøte om kommunereforma

Stort engasjement på folkemøte om kommunereforma

Om lag 200 møtte opp til folkemøte i samfunnshuset, for å få orientering om kommunereforma. Møtet starta med orientering frå Romsdal regionråd, ORKide og Gjemnes ungdomsråd. Etter dette var det tid for diskusjon og spørsmål frå salen. Det vart ein livleg debatt over dei tre alternativa:

Alternativ 1: stå som eigen kommune
Alternativ 2: søke samanslåing med kommunar på Nordmøre (Kristiansund, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Halsa og Aure)
Alternativ 3: søke samanslåing med kommunar i Romsdal (Aukra, Eide, Fræna, Gjemnes, Midsund, Molde, Nesset og Rauma)

Les meir om kommunereforma og intensjonsavtalane som Gjemnes kommune er med på her

Datoar det kan vere verdt å få med seg:

  • 4.-25.april: Spørreundersøking i regi av Opinion
  • 27.mai – 4.juni: Førehandsstemming
  • 6.juni: Rådgivande folkeavstemming
  • 28. juni: Saka blir behandla i kommunestyret
salen

200 møtte opp på folkemøte på Batnfjordsøra

Audne Loe

Audne Loe heldt innlegg på vegne av Gjemnes ungdomsråd

Categories: Artikkel, Bilder, Informasjon
Kommentarer er stengt