Hjem > Artikkel > Fleire innbyggjarar i Gjemnes

Fleire innbyggjarar i Gjemnes

9 november 2014

 

I følgje fylkesstatestikken til Møre og Romsdal fylkeskommune, budde det åtte fleire personar i kommunen vår pr 1.1.2014, enn det gjorde året før.
Årsaka til at vi har vorte fleire skyldast at det er fleire som har flytta hit.

Talet på fødde har gått litt ned: i 2012 var det 29 fødde i Gjemnes, medan det i 2011 var 22. I heile fylket var det 2 762 barn som vart fødd i 2013. I åra framover er det venta at Gjemnes vil ha ein nedgang i folketalet, medan det er venta vekst i nabokommunane våre Molde, Kristiansund, Eide og Averøy.

Fylkesstatesikken viser også 51% av husstandane i Gjemnes abonnerer på Romsdals Budstikke, medan det er 37 % av husstandande som abonnerer på Tidens Krav . Statistikken viser ikkje kor mange det er som har begge avisene.

Gjemnes er framleis ein av dei store pendlarkommunane i fylket. 163 personar pendlar inn til kommunen, medan 685 personar pendlar ut av kommunen. I fylket vårt er det om lag ein av fire sysselsette som pendlar. I Gjemnes er det over halvparten som har arbeidstad i ein anna kommune.

Vil du lese meir om Gjemnes og resten av fylket, kan du lese heile Fylkesstatestikk Møre og Romsdal 2014 her

Baby

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt