Hjem > Artikkel > Quizfinale på Hjorten

Quizfinale på Hjorten

10 februar 2014

Fredag 7. februar vart det arrangert Quiz-finale på Hjorten Batnfjord. Elleve lag hadde kvalifisert seg til finalen, gjennom deltaking av quizkveldar på Hjorten i 2013.  Ti av laga var heimehøyrande i Gjemnes, medan eit lag tok turen frå Fagerengbogen på Averøya.

Quizmaster Per Kvendseth

Quizmaster Per Kvendseth

I dei første tre rundane var det tilsaman 24 spørsmål, der laga måtte skrive ned svara sine, og levere inn til retting. Etter denne runden måtte dei fem laga med minst poeng, forlate konkurransen. Det var få poeng som skilte, og det vart ekstra rundra med tre av laga, som alle hadde ti poeng. Team Blakstad vann denne runden suverent, og fekk med seg Fagerengbogen til mellomrunden, der det var seks lag som deltok. Øverland og Søvik kraftlag rauk ut.

Dei seks laga som då skulle kjempe om tittelen var Team Blakstad, Midt på treet, Ægara, Fagerengbog velforening, Labbi og Batnfjord Ungdomslag (BUL). Her vart det stilt tilsaman 12 spørsmål og dei tre beste laga kvalifiserte seg til superfinale. Etter hard kniving vart det delt fjerdeplass mellom Team Blakstad, Labbi og BUL, som måtte sjå resten av finalen frå tribuneplass. Så skulle dei heile avgjerdast. I siste runde vart det ein ny vri, der spørsmåla vart presentert med tre alternativ og kort tid til å svare.  Dei tre laga fekk utdelt lappar med A, B og C, og her gjaldt det å tenke raskt og halde tunga beint i munnen. Etter ti spørsmål stod oppgjeret mellom Fagerenbogen Velforening og Midt på treet. Midt på treet var store favorittar på førehand, då dei kom med heile seks seirar frå tidlegare quizkveldar i baggasjen. Fagerengbogen hang godt med, og tok det avgjerande poenget i spørsmålet om moderklubben til Roar Strand (red: rett svar er Nardo), og tok dermed heim pokalen til Averø, med minst mogeleg margin.

Resultatlista:

1.plass Fagerengbogen  velforening
2.plass Midt på treet
3.plass Ægara
4.plass BUL, Team Blakstad,  Labbi (delt)
7.plass Øverland og Søvik Kraftlag
8.plass Skinnbrokstranda, Team  null pott (delt)
10.plass Pepper
11.plass Øre Bygdalag

Det er ønske om å fortsette med quizkveldane kvar månad. Det har vore bra oppmøte og god stemning det siste året, og det var vorte ein fast møteplass for mange. Kunne du tenke deg å vere med og lage spørsmål og delta som poengteljar på quizkveldane, ta kontakt med Hjorten. Fleire kan dele på oppgåvene.Les også om finalen og sjå bilete av vinnarane  i Tidens Krav

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt