Hjem > Arrangement, Artikkel, Bilder, Video > Storlygarkvelden 2014

Storlygarkvelden 2014

2 februar 2014

Det var som vanleg store forventingar til årets Storlygarkveld på Batnfjordsøra. Billettane vart rive bort i løpet av seks dagar i desember, og sidan då har gjemnesingane hatt nedteling. Tradisjonen tru, var Jan Karstein Schjølberg konfraniser. Dette har han no gjort så mange år, at han drista seg til gjenbuk av ein eller to av vitsane sine. Det var mykje latter i salen, så dette fungerte tydelegvis bra.

Dei siste åra har lygarane på Storlygarkvelden stort sett kome frå Trøndelag og Møre og Romsdal. I år var det ingen unntak, og dette er nok ein del av suksessen. Lydnivået i salen, tyder i alle fall på at humoren treff rett heim. Ekstra gledeleg i år var at innslaget Storlygarnytt igjen var på plass. To nye opplesarar var på plass, og gav oppdatering på det viktige som har skjedd i bygda den siste tida.

Ellers var det både jakthistorier, tale frå ein forlovar, mann med yrkesskade, eit møte med dugnadsnoreg og ei fargerik skildring av fastlegeordninga og kollektivtilbodet på Averøy. Dette og meir til vart servert av dei to trønderane Sigmund Kveli og Odd Ivar Berg, Heidi Nakken frå Fiksdal og Jostein Tøvik frå Averøya.

Storlygarkvelden 2014: Stinn brakke!

Storlygarkvelden 2014: Stinn brakke!

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Arrangement, Artikkel, Bilder, Video
Kommentarer er stengt