Hjem > Artikkel > -Hjorten har det lille ekstra

-Hjorten har det lille ekstra

4 desember 2013

I eit år har Angela og Joel vore vertskap på Hjorten. 4. desember var det feiring av «1-års dag», med kake, brus og det som høyrer til. Om lag 40 gjestar var til stades, og kosa seg med god mat og drikke. Men kva synes dei sjølv, etter eit år i Batnfjorden? Angela og Joel seier at dei trives godt, og at det er mange trivelege folk som er innom. Drifta går bra, og det er spesielt godt besøk på søndagar og torsdagar, kan dei to fortelje.

– Det einaste vi manglar er eit hus eller ei leilighet til oss sjølv. No bor vi oppe i andre etasje på Hjorten. Der er det litt liten plass. Dessutan blir det til at det føles som at vi er på jobb 24 t i døgnet, smiler Joel. Av og til kunne dei tenkt seg meir besøk, og dei har eit inntrykk av at gjemnesingane kan være litt seine. For eksempel når dei skal melde seg på ulike arrangement.

– Men quizen brukar å vere full, og vi hadde bra besøk på sist kveld med underhaldning. På julefesten som vi skal ha 14. desember, er det berre eit par ledige bord att, avsluttar kokken frå Nederland.

Det er eit stort aldersspenn på gjestane på Hjorten, men felles for dei alle, er at dei likar god og tradisjonsrik mat.IMG_0459 (1024x683)

– Her får vi god mat og god service, seier Ingvild, Anette og Roar. Dei et ofte middag på Hjorten, og meiner at drivarane har truffe det som gjemnesingane vil ha. – Dei har den maten vi vil ha. Her blir det ikkje servert pizza, det har dei mange andre plassar.  Det er godt med potetball og kjøttkak, sier Roar med eit smil. Ingvild som til vanleg bur på Molde, tar ofte turen til Batnfjorden for å få seg skikkeleg potetball. – Det er da ikkje så langt. Kva gjer ein ikkje for litt god mat, seier ho.

Eit par av dei andre gjestane, meiner at det kunne ha vore pizzasalg innimellom, utan at det skal dominere menyen. – Av og til kan det være greit og lettvint med pizza, dersom du for eksempel skal ha mat til mange personar, seier gjestane, som ønskjer å være anonyme. Så får vi sjå om det blir forandringar, eller om Angela og Joel, vil halde seg til dagens meny.

-Hjorten har det lille ekstra. Her føler vi oss velkommen, avsluttar Ingvild, Anette og Roar.

IMG_0469 (1024x683)

 

 

 

 

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noen mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt