Hjem > Arrangement, Artikkel, Video > Over 300 deltok på Batnfjordscupen

Over 300 deltok på Batnfjordscupen

15 september 2013

Over 300 unge fotballspelarar i alderen 6-12 år, deltok på Batnfjordcupen søndag 15. september. Heile 39 lag var påmeldt, og desse kom frå arrangørklubben Batnfjord IL, Tingvoll, Reinsfjell, Hjelset/Kleive, MFK, Straumsnes, Frei, Elnesvågen og Dahle.  Dagen før var regnfull, men  søndagen heldt dråpane seg borte, heilt til siste laget hadde reist heim, og den siste pølsa var fortært. Med mange spelarar, søtteapparat og publikum, var det mange folk samla rundt fotballbanane på Batnfjordsøra denne dagen, truleg var det nærmare tusen små og store som, var innom cupen.

Batnfjord Cupen

Batnfjordscupen 2013

Derfor var det også mange som fekk med seg den offisielle opninga av den nye kunstgrasbanen ved Batnfjord skule.  Jon Hals leia opninga, og det kom gåver og talar frå SpareBank 1 Nordvest, Sparebanken Møre, Gjemnes kommune og Nordmøre og Romsdal iderettskrets. Det heile vart avsutta med snorklipping og ballongslepp, av Kristian Harstad, Elin og Kristoffer Eikemo.

 

 

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noe mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Arrangement, Artikkel, Video
Kommentarer er stengt