Hjem > Artikkel > Mange ville teste dei små grå

Mange ville teste dei små grå

2 mars 2013

Fredag 1. mars var det klart for den første quizkvelden i regi av Hjorten Batnfjord. Mange ville delta, og det måtte lagast venteliste, for dei som ikkje fekk plass. Heile 14 lag var med, med tilsaman over 80 personar. Stemninga var god frå start til slutt. Vinnaren av den første quizen vart batnfjordslaget Labbi. Etter at seieren var i boks og premien utdelt, drog laget til med ein seierssang, til stor glede for dei andre gjestane på Hjorten.

Vinnarlaget med Bjørn Inge Naastad, Annicken Christoffersen, Arnt Olav Harstad, Gry Harstad, Kristine P. Naastad og Rolf Amundsen.

Vinnarlaget med Bjørn Inge Naastad, Annicken Christoffersen, Arnt Olav Harstad, Gry Harstad, Kristine P. Naastad og Rolf Amundsen.

Quizen vart leia av «Quiz-Per», og trass i at det var ein alvorleg konkurranse, var det lagt inn mange kommentarar undervegs, som fekk dei fleste til å dra på smilebandet. Dei fleste av laga var frå Gjemnes, men det var også lag frå Averøy og Hjelset. Enkelte lag hadde henta inn krefter utanfrå, med tilreisande frå Bergen. Andreplassen gjekk til laget Skinnbrokstranda, frå Rød/Blakstad, og dei kjempa lenge mot nabolaget Team Blakstad, som til slutt kom på femteplass. Tredjeplassen gjekk til laget Sæterdrift frå Øygarden. Den «sure» fjerdeplasse var det Fagerengbogsstranda velforening frå Averøy tok. Men trass i lengst køyreveg, var det ingen sure miner og spore.

Quizper alias Per Kvendseth styrte showet

Quizper alias Per Kvendseth styrte showet

Neste quiz blir arrangert 5. april, og det er allreie mange lag som har meldt seg på. Konseptet ganske vanskelege spørsmål, fingermat og god drikke er tydelgevis eit konsept som får folk ut av godstolen på ein fredagskveld. Dan Børge har tydelegvis fått seg ein konkurrent.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt