Hjem > Artikkel, Bilder > God stemning på Storlygarkvelden

God stemning på Storlygarkvelden

6 februar 2012

Den årlege Storlygarkvelden i regi av Batnfjord Idrettslag, har vorte ein tradisjon, som mange ikkje vil gå glipp av.  Før dørene opna, var det kø frå inngangsdøra og heilt ute på skuleplassen. Enkelte kunne fortelje at dei til tross for 4 minusgrader, hadde stått klar sidan kl. var 18.00.Då dørene åpna kl. 18.30, vart lokalet raskt fylt opp, da det var mange som vil sikre seg gode plassar.

Fullt hus!


Verprat og personleg hygiene

Jan Karstein Schjølberg hadde som vanleg jobben med å knytte det heile sammen, og han hadde som vanleg kommentarar og vitsar på lur, som skapte fliring og humring i salen. Olav Kåre Torjul frå Eresfjorden har vore med på fleire av Storlygarkveldane, i fjor var han der kun som publikum, medan i år var han tilbake på scena. Han slo an tonen med å fortelje om fuktig ver og romsdalingar, og fordelar og ulemper knytta til dette, før han snakka om reinsligheit. Mange fekk seg nok ny og overraskande informasjon, om blant anna innhaldet i eit kyss.

Odd Arne Halaas og Olav Kåre Torjul


Gjemnes kommune og TV2

Odd Arne Halaas frå Eide kom på scena, og det var duka for eit fellesnummer. Her vart det ein lengre pause, då dei to gamle karane som venta på postdama, hadde store vanskar med å halde seg alvorlege.  Her fekk også Gjemnes kommune eit konkrete tips, for å kome seg frå Robeklista.  Løysinga i følgje Halaas og Torjul, var å kjøpe TV2, for så å leggje alle programa til Gjemnes.  Her var det kjente programtitlar, som «Utan grenser», «Berserk», «Skal i danse» og «Tre stjernes middag». Programleiarne og deltakarane skulle sjølvsagt være lokale, noko som vil føre til ein travel kvardag for enkelte, dersom planane skulle gjennomførast, da det stort sett var dei same som skulle delta i dei ulike programma.


Oddgeir Bruaset og 40-års krise

40-års krise

Kvelden fortsatte i same stil, med mange sleivspark til ulike retningar, både til averøyingar, romsdalingar, batnfjordningar og til Gjemnes kommune.  Her kom også sjølvaste Oddgeir Bruaset, i skikkelse av Raymond Talberg, som ville lage program frå Batnfjorden, i serien «Der ingen skulle tru….».  Med stemme og innleving svært lik Bruaset sjølv, var det nesten som ein såg for seg programmet, sjøl 0m det nok hadde ein noko anna innhald enn programma vi er vane med på NRK.

Mange kjente seg nok igjen, når Anita Nyhagen fortalte om den «harde oppveksten» på 70-talet, der ho mimra både om ungdomsfestar, vannsenger og  asbest.  Vi fekk også ein tur til Lian i Trondheim, i følgje med Byrge Aspaas. Etter dette nummeret, er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at det både kan vere hardt og utfordrande å bu på Lian, både med tanke på transportmiddel og ekteskap.


Tausa Birgitte

Til ønskereprisen, hadde Torjul fått hjelp av ei lokal dame, som vart kalla Tausa Birgitte. Birgitte representerte arrangøren Batnfjord Idrettslag, men det var fleire som først ikkje kjente igjen frøkena. I alle fall fekk Torjul god hjelp til å vise fra museumsgjenstandar, som var lånt frå Romdalsmuseet. Her fekk vi både sjå og demonstert ulike gjenstandar, som fekk avdekt ukjente bruksområde og opphav til ulike ord og uttrykk, som å » ta seg ein pinne» og «Mas-karra».

Tausa Birgitte

Etter underhaldninga var det klart for dans, og det er vel ingen tvil om at arrangørane nok ein gong har lykkast med Storlygaren. Etter stemninga å dømme, blir ikkje køa kortare neste år.


Alle foto: Robert Veiset

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel, Bilder
Kommentarer er stengt