Hjem > Arrangement, Bilder > Harstadfjellrennet 2011

Harstadfjellrennet 2011

Årets Harstadfjellrenn var flytta til Silsetfjellet pga snømangel, men under renndagen var det rikelig med snø. Trass i dårlig sikt, litt vind og tett snø, var det totalt 66 deltakara under årets tre konkurransar.

2o deltok i randonée, der Ola Hovdenak frå Skåla IL, fekk best tid totalt, han fullførte på tida 1 t 7 min . Therese Monsås (seniorklasse: 1 t 38 min), Axess og Malene Haukøy (juniorklasse: 1 t 11 min) var dei einaste kvinnene som fullførte i ein tøff konkurranse, der vergudane også var med å tære på kreftene.

Startområdet for randonèe (Foto: Daniel Kvalvik)

Mellom randonée og fjelltelemark, var det duka for barneskirenn, med både hoppkonkurranse, langrenn og “nedoverkjøring”. Her deltok tolv ivirige barn, som alle fekk premie og diplom etterpå.

Ivrige deltakere og funksjonærer (Foto: Daniel Kvalvik)

I klassen fjelltelemark stilte 34 personar til start. Kortast tid ned brukte Harald Harstad (2 min 26 sek), som representerer Sp. klubben Rival. Beste kvinne var Carina Stokke (3 min 19 sek) frå Batnfjord IL. Begge stilte i åpen klasse, det vil seie utan telemarksutstyr.

Startområdet for fjelltelemark (Foto: Daniel Kvalvik)

Den neste telemarkingen vart Thomas Bjerkeset, som vann klassen for Herrer 30-39 år på tida 2 min og 48 sek. Trude Nordal frå Kristiansund fjellklubb vart beste kvinne med telemarksutstyr, på tida 3 min 50 sek.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Arrangement, Bilder
Kommentarer er stengt