Hjem > Artikkel, Bilder > Høg puls på treningssenteret

Høg puls på treningssenteret

23 oktober 2010

For fem år sidan spekulerte Merete Stub på om det var mogeleg å drive treningsstudio på Batnfjordsøra. Ho hadde veldig lyst til å starte opp, men var i tvil om det var marknad for denne typen tilbud i ein kommune som Gjemnes. Stub bestemte seg for å satse, og i sentrumsnære lokaler, opna Pulse Fitness dørene april 2006.

Merete Stub

No er vinteren i anmarsj og det er tydeleg at mange sett pris på å ha eit treningssenter. Dette merkar også Merete, som stadig har fått fleire kundar sidan opninga for snart fem år sidan.  » Pr i dag er det ca. 240 som trenar her hos meg. Eg var veldig spent i starten, men det har eigentleg berre gått i plus heile vegen. Her er alle aldersgrupper og kjønn representert, men det er nok mest kvinner som trenar på Puls.»

Batnfjord.no sin utsendte fekk gleda av å delta på spinningtime denne kvelden, med Marit Blakstad som instruktør. Og vi kan med ein gong avkrefte, at sjølv om namnet får oss til å tru noko anna, så er ikkje Marit batnfjording. » Eg har fått spørsmålet mange gonger sidan eg flytta hit», fortel Blakstad, som opprinneleg er frå Nes i Hedemark, og har turnusen sin som fysioterapeut på Batnfjordsøra. I tillegg til å behandle pasientar på dagtid, har ho sidan 1. september hatt spinningtimar to gonger for veka. » Det er bra oppmøte, og nesten fullt kvar gong», fortel Marit. » For å delta må du skrive deg på lista, og listene blir fort fulle».

Svett og fornøyd gjeng etter spinningtime

Så litt fakta:
Kven er det typiske batnfjordingen, som likar å tilbringe delar av fritida si på treningssenteret?
» Det er mest damer», seier Merete, og tar ein kikk på dataen for sjå på statestikken. Ho fortel at det er folk i alle aldrar som trenar på Puls, men at blant menn, så er det mest dei yngre som likar denne treningsforma. Gjennomsnittet for herrer er ca 30 år, medan for kvinner er den ca 40 år.

I fjor utvida Puls Fitness arealet sitt, og fekk da ei eiga avdeling for kondisjonsapparat, som sykkel, romaskin og tredemøller. I den andre delen er det apparat og vekter for styrketrening. Her finn vi ein gjeng med unge menn, som er ivrige brukarar av Puls Fitness.
«Eg brukar å trene her kvar dag», fortel Ismail. » Da går det i jogging på tredemølla og styrketrening».  Saman med kompisen Kadar, går det mykje i trening på fritida. » Eg er ikkje her kar dag, men ca tre gonger  for veka, for å trene styrke», fortel Kadar. Men begge er einige at det er kjekt å dra saman med andre, og at det er sosialt å trene på helsestudio.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noen mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel, Bilder
Kommentarer er stengt