Hjem > Artikkel > Alle gode ting er tre

Alle gode ting er tre

Sjeldan har vel det godt brukte ordtaket stemt betre. Silvia Prinz hadde ikkje planlagt å delta i andeløpet på Ørefestivalen i år, men tok likevel turen innom og kjøpte and nr 333. Mange spente stod langs elva for å sjå når endene kom ned mot mål. Først av alle kom ei lita and på tverke, lenge før dei fire hundre andre konkurrentane, til tross for sidelengs stil, hadde anda god drift, og vann suverent.

Silvia Prinz frå Flemma, vann andeløpet 2010

Den stolte «andemora» er busett på Flemsetra i Flemma. Ho kom flyttande frå Tyskland for tre år sidan. Det var ekte glede då sigeren var eit faktum. Det kostar 100 kr å kjøpe ei and, og premien er

halvparten av beløpet som har vorte betalt inn. Nokre garderer seg og kjøper to eller fleire ender, da det er mange farer som lurar i elva. Etter at løpet var over, kunne vi sjå mange små gule, som satt fast i steinar og kvistar lengre oppe i elva.
Mens and nr 333, kom seg kjapt til mål, og skaffa 17 500 kr til Prinz.
» Dette er første gonga eg nokon gong har vunne noko», seier ho fornøgd til batnfjord.no. Premien kjem som bestilt forstår vi, da det er planlagd å bygge ny veranda i løpet av sommaren.

«Alle gode ting er tre, det er heilt tydeleg», sa ein av gratulantane.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt