Hjem > Artikkel > Godt oppmøte på dommarkurs

Godt oppmøte på dommarkurs

20 april 2010

Nærmare tredve unge og vaksne deltok på dommarkurs i regi av Batnfjord Idrettslag si fotballgruppa tirsdag kveld. Bjørn Myklebust hadde kurset, som var eit kurs på klubbdommarnivå. Myklebust har vore i dommar i mange år, og dømmer for MFK.

Hovudfokuset på kurset, var gjennomgang av reglane for barnefotball opp til 12 år.
Det var gjennomgang av kva ein dommar bør ha med seg på kamp; fløyte og klokke er viktig.

Ein regel vart spesielt gjennomgått og førte til mange spørsmål. Dette var regelen om målspark. Mange var overraska at det på 5ar og 7ar-fotball ikkje er lov for keeper korkje å kaste eller sparke ballen over midtlinja, og at dette fører til indirekte frispark til motstandarlaget.

Det var ein lærerik kveld for store og små, og det var aktive deltakarar i salen, som både vart utfordra og stilte spørsmål.

Bjørn Myklebust underviser i fotballreglar

Ivrig lesing av regelverket

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noe mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt