Hjem > Artikkel, Bilder, Video > Harstadfjellrennet 2010 – resultat

Harstadfjellrennet 2010 – resultat

Det første Harstadfjellrennet vart arrangert i 1996, i år vart rennet igjen arrangert på Harstadfjellet, etter tre år på Silsetfjellet.

Startområdet for Harstadfjellrennet 2010

Startområdet for Harstadfjellrennet 2010

Årets renn hadde stod deltaking og bra besøk av publikum, trass i at heile renndagen var prega av snøbyger. Etter undersøkingar av skredekspert dagen før rennet, vart starten flytta først til ca 800 meter, seinare ned til ca 600 meter.
Dette førte til at den første konkurransen, fekk ein spesiell vri. For at deltakarane i konkurranse skibestigning, med start kl. 11.00, skulle oppnå nok høgdemeter, måtte dei gå den samme rundløypa tre gonger. For enkelte av dei atten deltakarane i denne klassen, vart dette ei hard økt, medan andre snudde og gjekk opp til startpunktet for Fjelltelemark, for å delta i den andre konkurransen for dagen.

Bilder: Skialpinisme:

Resultat Norgescup i skialpinisme:

  1. Per Gustav Porsanger, Svorkmo Bergknastklivarlaug, 1t 36 min 55 sek
  2. Thomas Øyberg, Sparebank1 Lom og Skjåk, 1t,41 min 10 sek
  3. Stig I. Helset, SKK, 1t 41 min 11sek

Joakim Engdal frå Torvikbukt IL, var einaste deltakar i juniorklassen, og kom i mål på tida 1 t 29 min 55 sekund. To kvinner stilte til start: Elin Espvik frå Kristiansund Fjellklubb kom i mål på tida 2 t 7 min og 53 sek, medan Svanhild Kvernberg frå Eidsvåg IL, brukte 2 t 22 min 31 sek.

For fullstendig resultatliste: www.harstadfjellrennet.net

Video: Sak av Øystein Orset:

Get the Flash Player to see the wordTube Media Player.

Video: Daniel vs. Harstadfjellet:

Get the Flash Player to see the wordTube Media Player.


Bilder: Fjelltelemark:

133: Thomas Bjerkeset

133: Thomas Bjerkeset

Resultat Landsrenn i fjelltelemark:
(Beste tider, uansett klasse):

  1. Erik Husby, Kristiansund Fjellklubb, 3 min 22 sek
  2. Erik Harstad, Batnfjord IL, 3 min 23 sek
  3. Daniel Kvalvik, Torvikbukt IL,3 min, 28 sek

Dei tre beste tidene stilte alle i Åpen klasse, og kunne stille med valfritt utsty

Beste tid med telemarkutstyr:

  1. Thomas Bjerkeset,  Batnfjordsøra.  3 min  36 sek
  2. Åsleif Gagnat, Flemma IL, 3 min 46 sek
  3. Erlend Ohren, Myra-hopp, 3 min 55 sek

Bilder: Folk:

Be Sociable, Share!
Categories: Artikkel, Bilder, Video
Kommentarer er stengt