Hjem > Informasjon > Eikemo attvald som leiar for B.I.L.

Eikemo attvald som leiar for B.I.L.

Onsdag 10.mars var det årsmøte for hovudlaget i Batnfjord Idrettslag.
Idrettslaget hadde i 2009 ein god økonomi, og håpar på enda større aktivitet i året som kjem. Etter innspel på årsmøtet, vart det oppretta ei ny skigruppe, som skal arbeide med skiaktivitetar for barn og unge.
Under val av nytt styre, vart valkomiteen si innstilling einstemmig vedtatt.

Leiar for hovudstyret: Bjørn Eikemo og leiar for fotballgruppa Hanne Kirkevold er klar for innsats for Batnfjord Idrettslag i 2010.


Dette blir styret for Batnfjord Idrettslag 2010:
Leiar:   Bjørn Eikemo – attval
Nestleiar/sekretær: Jørn Grønset – ny
Økonomikoordinator: Ole Martin Ask – attval
Anleggsleiar: Svein Silseth – attval
Leiar fotballgruppa: Hanne Kirkevold – vald av årsmøtet for Fotballgruppa
Aktivitetsgruppa: Åge Ødegård – attval

Økonomi og valnemd:
Alf Høgset fortsett i valnemnda og får med seg Kari Ødegård, som ny medlem.

Nils Sjømæling fortsett som regnskapsførar, medan Kjell Visnes og Edith Skjølsvik står som revisorar.

Klubbhus og anlegg:
Elin Eikemo fortsett som leiar for klubbhuskomiteen, der Alf Høgset og Ole Martin Ask sitt som medlemmar.
Svein Silseth er leiar for anleggskomiteen, og med seg har han Finn Silset, Odd Arne Ohren, Gunnar Hammerstrøm og Arild Harstad.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noe mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Informasjon
Kommentarer er stengt