Hjem > Artikkel > Bensinstasjonen er open

Bensinstasjonen er open

4 februar 2010

Marina og Susanne gleder seg til å ta i mot kunder. (foto: Arnhild H Harstad)

Onsdag 3. februar opna storkiosken på  bensinstasjonen på Batnfjordsøra. Kundane har sidan før jul kunne fylle drivstoff, men no er det råd å kjøpe seg aviser, utstyr til bilen, mat og andre kioskvarer.

Den offisielle opninga er først om 3-4 veker. Då kjem representantar frå Kysten Rundt, Bunker Oil og Bilextra.

Opningstidene blir slik:
Mandag-fredag: kl. 08.00-22.00
Helg: kl. 09.00-22.00

Vi tok oss ein prat med ekteparet Sitter, som drivs stasjonen: «Til sommaren kan det bli aktuelt å utvide opningstidene, for vi veit frå før at det er stor trafikk på kveldane sommarstid, og mange forbipasserande blir skuffa når vi stenger kl 22.00», seier Marina Panoka Sitter, som er dagleg leiar for storkiosken.  Ho legg til at dei og vil vurdere å opne kl. 07.30 om morgonen, slik at dei som skal kjøre langt på  jobb, har moglegheit til å få med seg kaffe på vegen.

Det er kjeda Kysten Rundt som skal stå for kioskdelen av stasjonen. Bilextra står for verksteddelen og bilrekvesitta, medan lavpriskjeda Bunkeroil lever drivstoffet. Kiosken har fått ny disk og nytt utstyr for matlaging. «Den nye disken er spesialdesigna for dette lokalet. No kan kundane betale på eine enden, og motta maten sin på motsatt side, slik slepp vi at køa står  midt i lokalet», seier Pankoa Sitter. Ho fortel vidare at dei er en av få bensinstasjonar som har eigne cafebord, og at dei etterkvart vil få barnemeny.

Her er noe av det du kan finne på bensinstasjonen. (Foto: Arnhild H Harstad)

Ektemannen Pål Arne Sitter har drive verkstaden i elleve år. Sitter meiner det er hardt arbeid som må til for å drive ein bensinstasjon. «Dersom folk trur at dette er noko du kan tjene gode pengar på, må dei tru om igjen. Eg ønskjer å skape denne plassen for bygda», seier Sitter ivrig. «Samfunnsengasjement vårt er ein av grunnane til at vi har valgt å satse», legg han til. Forutan Marina P. Sitter, arbeider Susanne Leske og Lilibeth Ulseth i kiosken.  Kjell Arne Blikås er vaktmester, og har i tillegg  ansvar for RIR-stasjonen. Bjørn Arild Midtsæter er tilsett på heiltid som bilmekaniker i verkstaden.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke noe mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt