Hjem > Artikkel > Bunnpris – over 30 år med dagligvarer

Bunnpris – over 30 år med dagligvarer

14 januar 2010

26. november var det offisiell åpning av den nye Bunnprisbutikken på Batnfjordsøra. Bygget vart bygd i 1978, og vart bygd ut og fekk ny fasade i haust. – Til tross for at mange handlar i byane, merkar vi lite handelslekkasje når det gjeld dagligvarehandel. Men det var på tide å få ein meir oppdatert butikk, som gjev ein bedre handleopplevelse for kundane, og ein betre kvardag for dei tilsette, seier dagleg leiar Frode Åndal.

Ny fasade som skal lokke fleire til å stoppe ved Bunnpris Batnfjord

Sosial møteplass

Butikken er utvida med 400 m², så plassen har vorte betydeleg større. I tillegg til at vareutvalget er utvida, har det vorte betre plass mellom reolane. Dette er viktig for ein butikk, som ikkje berre er ein stad der du handlar mat, men det er ein møteplass for lokalbefolkninga. Manga stoppar opp og tar ein prat mellom hyllene, noko som no har vorte enklare, utan å stå i vegen for dei andre kundane. – Det var med tanke på dette at vi ordna ein kaffekrok ved inngangen, seier Frode Åndal. Her kan folk sette seg ned medan dei ventar på skyss eller ta ein kaffekopp med kjentfolk. Han seier kaffekroken blir bruka stadig meir. Det er fleire som har oppdaga den, og har tatt den i bruk den siste tida. – Det er fint å ha dette tilbudet til kundane våre, sidan det halve året både regnar og bles sidelengs her i Batnfjorden, smiler Frode.

Frode Åndal er fornøyd med utvida Bunnprisbutikk

Frå trehjulssykkel til varetralle
Det var foreldra til Frode som bygde butikken og dreiv han, fram til Frode tok over for nokre år sidan.– Men eg har på ein måte vore med frå starten av. Når dei støypte golvet i butikken under

bygginga, sykla eg rundt på trehjulssykkel, eg var vel om lag fem år da, mimrar Frode. No er trehjulssykkelen bytta ut med store traller, fylt opp med varer. – Vi må heile tida fylle på med varer. Vi forandrar litt på plasseringa av enkelte varer, slik at det skal bli variasjon for kundane våre, avslører han.

For enkelte av dei faste kundane har det nok vore litt vel spanande i det siste, det er ikkje alltid like lett å finne dei varene ein skal ha i, i ein stor ny butikk. Undertegna overhøyrte ein samtale i butikken nokre dagar før intervjuet.  Ein kunde seier til betjeninga bak kassa: -e finn ikkje igjen nokko her i butikken lengre, måtte gå mange rundar for å finne dette. Her er svaret han fekk: – Du kan trøste deg med at vi ikkje finn alt med ein gong vi heller. Frode kan bekrefte at det er litt slik, men roser både betjening, arbeidsfolk og kundar, som har vore tolmodige og samarbeidsvillige under oppussingsperioden.

Viagra Generic og lignende medikamenter er svært enkel å bruke. Viagra Pris har endret seg i den tiden, men ikke mye, og det er nødvendig å vite alle.

Categories: Artikkel
Kommentarer er stengt