Silsetvatnet Rundt 2013
I år blir Silsetvatnet rundt arrangert for 25. gong.
Dato: Søndag 23. juni fra kl 10.00.
Velkommen til alle store og små turgåere og litt mere aktive løpere!
Arr: Batnfjord Idrettslag

Silsetvatnet Rundt 2010
Prøvetur på nyvegen
Søndag vart det arrangert tur på den nye E-39 Astad-Knutset. Det er no berre ei drøy veke før vegen blir opna for trafikk, og det var mange som nytta sjansen til å sjå vegen. Etter 3. juni er vegen forbudt for gåande og syklande. Turmarsjen vart arrangert av Batnfjord Ungdomslag og Batnfjord bygdalag, og på den fire km lange vegen var det lagt inn både quiz-spørsmål og saftstajon. Omlag femti personar deltok på marsjen i det fine veret, og den som ville hadde moglegheit til å stille spørsmål til Per Bjørn Gjelsten frå Vegvesenet, som og deltok på turen.
Bach og Den blå natta, i Øre Kyrkje!
Musikk & Poesi i Øre kyrkje
Fredag 3. mai kl. 19.00.
“Bach og Den blå natta”…
Musikk: Kåre Svendsen – flügelhorn, Eivind Oftebro – gitar og Per Arne Løvold – orgel
Lesninger: Walborg H. Svendsen, Kari W. Oftebro og Christine Brandt Løvold
Velkommen
Speidernes panteaksjon – Lørdag 6. april
6. april vil speideren samle inn panteflasker/bokser på strekningen Skeidsdalen – Åndal – Krifast.
Pengene vi får inn kommer godt med, og vil garantert gå til en god sak! Hvis du ikke er hjemme denne dagen kan du sette flaskene i en pose på trappa eller ved innkjørselen din, som du merker ”til speideren”. Hjelp oss å opprettholde et trygt, morsomt og lærerikt fritidstilbud til våre barn ved å støtte speidernes panteaksjon!
Mvh Foreldreutvalget for Speideren.
Silsetrenna 2013 – Resultat
Resultat, publikasjoner, bilder og video fra årets Silsetrenna, finner dere her:
http://silsetrenna.no/2013/03/11/silsetrenna-2013-resultat/
Ny giv for frukt og bær i hagen
Laurdag 6.april arrangerer Gjemnes Bonde og småbrukarlag eit dagskurs i beskjæring av tre og bærbusker. På tapetet står det både teori og praksis. Kurslærar er fagmann frå Bioforsk på Tingvoll, Theo Ruissen.
Oppmøte:
Tid: 6. april kl. 10.00
Stad: SUS-bygget (Batnfjord Sentrum)
Tidsplan:
-Startar dagen med 1,5 – 2 timer teori.
-Vi drar ut og prøvar det vi har lært i praksis. (Vi vil prøve å ”finne” hagar med unge, middelaldrende og gamle tre og busker)
Theo ba oss ta med beskjæringssaksa vi brukar. Vi kan eventuelt ta opp fellesbestilling på godt og relativt rimeleg utstyr.
Påmeldingsfrist 1. april
-Pris medlem: kr. 200
-Pris ikkje medlem: kr. 300
Påmelding sendes til:
Anlaug Rekaa, 45472560,
Elin Stenkjær, 90525109
Hjertelig velkommen for eit lærerikt kurs!
Mange ville teste dei små grå
Fredag 1. mars var det klart for den første quizkvelden i regi av Hjorten Batnfjord. Mange ville delta, og det vart laga venteliste for lag som ville delta. Heile 14 lag var med, med tilsaman over 80 personar. Stemninga var god frå start til slutt. Vinnaren av den første quizen vart batnfjordslaget Labbi. Etter at seieren var i boks og premien utdelt, drog laget til med ein seierssang, til stor glede for dei andre gjestane på Hjorten.
Vinnarlaget med Bjørn Inge Naastad, Annicken Christoffersen, Arnt Olav Harstad, Gry Harstad, Kristine P. Naastad og Rolf Amundsen.Quizen vart leia av «Quiz-Per», og trass i at det var ein alvorleg konkurranse, var det lagt inn mange kommentarar undervegs, som fekk dei fleste til å dra på smilebandet. Dei fleste av laga var frå Gjemnes, men det var også lag frå Averøy og Hjelset. Enkelte lag hadde henta inn krefter utanfrå, med tilreisande frå Bergen. Andreplassen gjekk til laget Skinnbrokstranda, frå Rød/Blakstad, og dei kjempa lenge mot nabolaget Team Blakstad, som til slutt kom på femteplass. Tredjeplassen gjekk til laget Sæterdrift frå Øygarden. Den «sure» fjerdeplasse var det Fagerengbogsstranda velforening frå Averøy tok. Men trass i lengst køyreveg, var det ingen sure miner og spore.
Neste quiz blir arrangert 5. april, og det er allreie mange lag som har meldt seg på. Konseptet ganske vanskelege spørsmål, fingermat og god drikke er tydelgevis eit konsept som får folk ut av godstolen på ein fredagskveld. Dan Børge har tydelegvis fått seg ein konkurrent.